Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Nav Voss søkjer ein jobbkonsulent/rettleiar som kan gje karriererettleiing og støtta brukarar i å kome i arbeid eller aktivitet. Stillinga fokuserer på lokalt arbeid og møte med arbeidsgjevarar i Voss-området.
Det vert lagt vekt på inkludering, sjølvstendig arbeid, løysingsorientering og evne til å engasjere deltakarar. Søkjarar oppmodast om å bidra til eit mangfaldig arbeidsmiljø og å skape auka deltaking i arbeidsmarknaden.
Vil du vera med å gjera ein forskjell for andre? Då kan dette vera stillinga for deg
Om arbeidsstaden
Nav er i kontinuerleg utvikling slik at me kan gje betre tenester til innbyggjarane på Voss. Nav Voss arbeider for at flest mogleg skal koma i arbeid, eller aktivitet.
Det er ynskjeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.