Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Kvito søker ein engasjert rådgivar til å arbeide med ungdom og vaksne i overgang til arbeidsliv. Du kartlegg ressursar, interesser og moglegheiter, og gjennomfører karriererettleiing i nært samarbeid med brukarar.
Du blir ein trygg veileiar for ungdom i sårbare situasjonar, og arbeider i eit miljø med høgt tempo, fokus på inkludering og gode velferdsordningar. Du må disponere bil og delta i oppstart 1. januar 2027.
Arbeidsområde: Vinje og Kviteseid -- med mogleg arbeid i heile Vest‑Telemark
Oppstart: 1 januar 2027 ellers snarast råd og varigheita er fram til nov 2027.
Kvito har mykje spanande på gang -- og no treng vi ein ny medarbeidar som brenn for arbeidsinkludering og ungdom. Vi ser etter deg som trivst i møte med menneske, som ser moglegheiter der andre ser hinder, og som ønskjer ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell.
I denne rolla vil du vere ein viktig støttespelar for ungdom og vaksne som treng hjelp til å finne sin veg inn i arbeidslivet. Du vil mellom anna:
kartleggje ressursar, interesser og moglegheiter
gjennomføre karriererettleiing
vere ein trygg og tydeleg rettleiar for ungdom i sårbare overgangar
helse‑, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning frå høgskule/universitet
interesse og kompetanse innan IT og digitale løysingar
brei erfaring frå arbeid med ungdom
Personlege eigenskapar, engasjement og evne til å skape tillit vil bli vektlagt.
Vi oppmodar menn til å søkje.
Du må disponere eigen bil.
har eit ekte engasjement for menneske og arbeidsinkludering
likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo og mykje ansvar
ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
stor moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og innhald i jobben
eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
gode velferdsordningar
Ved tilsetjing må det leggjast fram politiattest, jf. § 21 i arbeidsmarknadslova.
For spørsmål om stillinga:
Torbjørn Blichfeldt Dyrland , dagleg leiar