
Enable job alerts via email!
Generate a tailored resume in minutes
Land an interview and earn more. Learn more
En ledende tjenesteleverandør i Vossavangen søker en BPA-assistent for å hjelpe en 20 år gammel jente med daglige aktiviteter. Stillingen innebærer arbeid med personlig hygiene, husstell og støtte i sosiale aktiviteter. Vi ser etter en omsorgsfull og fleksibel person som trives med å jobbe i et aktivt miljø. Opplæring vil bli gitt.
Er du ein person som trivst med å hjelpa andre og ønskjer å gjera ein forskjell i kvardagen? Då kan du vara akkurat den me leitar etter!
Brukarstyrt Personleg Assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere tenestene praktisk og personleg bistand på for menneske med nedsett funksjonsevne. BPA er eit likestillings- og frigjeringsverktøy, og gjennom bistand frå eigne assistentar blir det lagt til rette for at personar med bistandsbehov får eit aktivt og mest mogleg sjølvstendig liv.
Stilling ledig for BPA i turnus morgon, ettermiddag, kveld og helg, hjå ei jente på 20 år i jenta sin heim på Evanger, vest for Voss sentrum. Mogelegheit for opptil 80% stilling. Det kan vera aktuelt med døgnvakter ved einskilde høve. Tiltreding etter avtale.
Jenta bur heime hjå familien, og skal kunne bu der utan å trenge hjelp frå mor og sysken, men med høve til å vera i lag med dei etter ynskje. Som assistent kjem du også til å bli kjend med familien og med eit hus med mykje liv og røre. Arbeidsspråk kan vera norsk eller engelsk.
Jenta treng rettleiing og hjelp til kvardagslege gjeremål knytt til personleg hygiene, klesvask, husstell, innkjøp, matlaging, og hjelp til å ta del i aktivitetar og ha ei aktiv fritid. Det er ein fordel om du har erfaring med liknande arbeid, men det viktigaste er at du trivst med arbeidet og arbeidsplassen.
Det er viktig at du er punktleg, ryddig, fleksibel, og påliteleg, og det er fint dersom du er interessert i forming, språk, matlaging, musikk, song, dans, film og ulike aktivitetar. Jenta er glad i å drive med musikk og dans, sykle, gå tur med hund, lage mat og mykje anna.
Personlig egnethet og kjemi vektlegges.
Ved å søke på stillingen, aksepterer du at søknad og CV videreformidles til arbeidsleder i ordningen.
Aktuelle kandidater blir intervjuet fortløpende.