Intensivsjukepleiar / sjukepleiar

Hnt

Hjelset

On-site

NOK 650,000 - 900,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Helse Møre og Romsdal søker to faste intensivsjukepleiarar til intensiv SNR i Molde (Hjelset) med oppstart etter avtale. Du vil inngå i eit sterkt fagmiljø og samarbeide tett med anestesilegar, indremedisinarar, kirurgar og anna helsepersonell.

Tilsettinga inkluderer eit fast opplæringsprogram og verlangt fagutvikling, med turnus, fagdagar og simuleringar. Vi legg vekt på eit inkluderande arbeidsmiljø og god opplæring.

Qualifications

  • Autorisert intensivsjukepleiar.
  • Autorisert sjukepleiar med minimum 2 års erfaring kan søke.

Responsibilities

  • Sjukepleie til postoperative pasientar, både barn og vaksne i fagfelt som gastro, urologi, ortopedi, ØNH, gynekologi og auge.
  • Til ein kvar tid er det to sjukepleiarar som er ein del av hjertestans-teamet ved sjukehuset.

Skills

Autorisert intensivsjukepleiar
Samarbeid i team

Education

Autorisert sjukepleiar med minimum 2 års erfaring

Job description

Vil du jobbe i ein av Europas mest moderne intensivseksjon?

Intensiv SNR har ledig 2 faste stillinger (100%) som intensivsjukepleiar. Oppstart etter avtale!
Som intensivsjukepleiar på intensiv SNR blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, indremedisinarar, kirurgar, fysioterapeutar, logoped og KEF.Hjå oss står fagutvikling, opplæring og inkludering høgt på agendaen. Vi har eit sterkt og støttande arbeidsmiljø prega av humor, men også tiltider ein alvorleg arbeidskvardag. Ved oppstart følger ein fast opplærinmgsprogram med individuelle tilpasningar, som avsluttast med ein gjennomgang.

Vi har faste dagar i turnus med fagutvikling, fagdager to ganger i året og planlegg oppstart med faste simuleringsdager i eigen seksjon. Som nytilsett vil du etter kvart bli inkludert i ei av våre ressursgrupper.
Sjukehus Nordmøre og Romsdal(SNR) er eit veldifferensiert sjukehus med kirurgiske, ortopediske, medisinske, nevrologiske, gynekologiske/føde-pasientar og barnemedisin og -habilitering. Vi er også eit traume- og donorsjukehus. Vi har simuleringsdagar saman med anestesilegane, noko som bidreg til godt samarbeid både fagleg og sosialt. Vi har faste dagar i turnus til fagdagar og MTU-oppdatering, og vi har fokus på simulering.

Du kan også kome innom for å sjå om dette kan vere noko for deg! Her jobber ein veldig triveleg og fin gjeng med dyktige fagfolk, og vi håper å få nye flinke kollegaer!Ta gjerne kontakt for meir informasjon, og følg oss gjerne på instagram! (intensiv_snr_hmr)
Vi ber om at vitnemål, tenestebevis og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.

  • Sjukepleie til postoperative pasientar, både barn og vaksne. Innan fagfelta gastro, urologi, ortopedi, ØNH, gynekologi og auge
  • Til ein kvar tid er det to sjukepleiarar som er ein del av hjertestans- teamet ved sjukehuset
Kvalifikasjonar
  • Autorisert intensivsjukepleiar.
  • Autorisert sjukepleiar med minimum 2 års erfaring kan også søke
Personlege eigenskapar
  • Du har ei positiv haldning og er interessert i intensivfaget og pasientane som treng slik behandling
  • Du arbeider sjølvstendig, men samstundes fungerer godt i samarbeid med kollegaer, pasientar og pårørande
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innen forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det videre eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det samme gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Intensivsjukepleiar / sjukepleiar
Intensivsjukepleiar / sjukepleiar

Hnt • Gujorda

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Intensivsjukepleiar / sjukepleiar
Intensivsjukepleiar / sjukepleiar

Intensiv SNR, Helse Møre og Romsdal HF • Gujorda

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Hnt • Gujorda

On-site
NOK 450,000 - 600,000
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Central Norway Regional Health Authority • Hjelset

On-site
NOK 360,000 - 480,000
Gode pensjonsordningar
Sterkt tverrfagleg miljø
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Hnt • Gujorda

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Hnt • Hjelset

On-site
NOK 550,000 - 650,000
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Hnt • Hjelset

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Helgevikariat for helsefagarbeidar eller sjukepleie-/vernepleiarstudent
Helgevikariat for helsefagarbeidar eller sjukepleie-/vernepleiarstudent

Hnt • Gujorda

On-site
NOK 180,000 - 230,000
Tilkallingsvikarar for sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar
Tilkallingsvikarar for sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar

Hnt • Hjelset

On-site
NOK 482,000 - 758,000
Tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset
Tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset

Hnt • Hjelset

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Meiningfulle arbeidsoppgåver
Opplæring og støtte
Ein viktig forskjell