Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Norsk Hydro Husnes søker ein engasjert industrirøyrleggjar for drift, vedlikehald og vidareutvikling av vassforsyningsanlegget. Du vil planleggje førebyggjande vedlikehald og sikre stabil levering av vatn til kritisk utstyr og produksjon.
Du må ha fagbrev i røyrleggjarfaget, relevant industriell erfaring og god kompetanse i digitale arbeidsverktøy, med fokus på HMS og kontinuerleg forbetring. Ein ADK-sertifikat er ein fordel.
Hydro Aluminium Metal er ein leiande leverandør av pressboltar, valseblokker, støypelegeringar, tråd og aluminium med høg reinleik, med eit globalt produksjonsnettverk med rundt 6,000 tilsette. Vi har anlegg for produksjon av primærmetall i Europa, Canada, Australia, Brasil og Qatar, og gjenvinningsanlegg i Europa og USA. To tredjedeler av vår produksjon av primæraluminium er basert på fornybar energi.
Vil du vere med og sikre stabil drift av kritisk infrastruktur og vassforsyning ved Hydro Husnes? Vi søkjer ein engasjert og løysingsorientert industrirøyrleggjar som ønskjer ein variert arbeidskvardag med ansvar for drift, vedlikehald og videreutvikling av viktige tekniske anlegg.
Du vil få ansvar for drift, vedlikehald og vidareutvikling av vassforsynligsanlegg ved Hydro Husnes. Dette inneber blant anna:
Vi ser etter deg som tek ansvar og eigarskap til oppgåeven dine. Du ser løysingar, er pålitelig og har god evne til å sluttføra oppgåver. Du er god på samarbeid, erfaringsutveksling og involvering på tvers av fagmiljø. Du er med på å skape eit godt arbeidsmiljø og er oppteken av din eigen og andre sin tryggleik.
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søker difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse.
Vi aksepterer kun elektroniske søknadar. Søknadar vert ikkje tekne imot på e-post.
30.10.2026
Leiar
Fred Nilsen
(Norway +47) 45853909
Rekrutterer
Berit Åkre
(Norway +47) 92227339