Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Stord kommune syter for ei ledig tilsynsvakt ved Vikahaugane Sportssenter. Stillingen omfattar tilsyn på anlegget og varsling ved avvik, og kontakt med koordinator ved hendingar.
Du må kunne norsk skriftleg og munnleg. Arbeidskvardagen er typisk helgeskift med varierte oppgåver og helgejobb i feriar og helsehelgedagar.
Det er ledig stilling som tilsynsvakt ved Vikahaugane Sportssenter
Service for leigetakarar av anlegget
Melde frå til koordinator om ein oppdagar ting som er i ustand eller uønskte hendingar ved anlegget
Ta kontakt med kommunal byggvakt om det er ting som ein treng øyeblikkelig bistand med
Den som vert tilsett vil jobbe mellom kl.15:00 på fredag og kl. 24:00 på Søndag ca. ei helg pr mnd.
Arbeidsmengda vil variere litt avhengig av kva type utleige ein har på anlegget, men ei normal helg inneberer 12,5 timars arbeid. Ein vil også måtte jobbe i feriar og på heilagdagar.
For meir informasjon om stillinga kan ein kontakte Leif Rune Gravdal, avdelingsleiar Tekniske tenester Mobil: 975 52 020
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Reinhaldar, reinhaldsoperatør, fagarbeidar reinhald