Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Havnahuset i Fitjar kommune ynskjer å tilsette personar til heimebaserte tenester. Arbeidet inneber praktisk bistand, pleie og omsorg og tett oppfølging av brukarar i samsvar med individuelle behov.
Stillingane inngår i turnus og passar for studentar innan helse- og sosialfag eller andre som ønskjer erfaring frå helse- og omsorgssektoren. God norskkunnskap og evne til å arbeide sjølvstendig er viktig.
Vil du gjere ein forskjell for andre i kvardagen?
Fitjar kommune har ledige faste helgestillingar ved heimebaserte tenester inne sone (Havnahuset):
1 fast helgestilling på 16,9 %
1 fast helgestilling på 13,6 %
Stillingane inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Stillingane passer godt for studentar, elevar innan helsefag eller andre som ønskjer erfaring frå helse- og omsorgssektoren.
Ved Havnahuset yter me tenester til personar med ulike hjelpebehov. Me søkjer etter deg som trivst med å arbeide med menneske, viser omsorg og tek ansvar.
Praktisk bistand og pleie- og omsorgsoppgåver
Oppfølging av brukarar ut frå individuelle behov
Samarbeid med kollegaer og pårørande
Bidra til eit trygt og godt miljø for bebuarar og tenestemottakarar
Delta aktivt i avdelinga sitt daglege arbeid
Gjerne sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
Studentar innan helse- og sosialfag og ufaglærte er òg velkomne til å søkje
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
Interesse for og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
Strukturert arbeidsmåte og vilje til å ta ansvar og initiativ
Me legg vekt på at du:
Er positiv og serviceinnstilt
Er ansvarsbevisst og påliteleg
Er fleksibel og løysingsorientert
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
God opplæring og rettleiing
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordninger gjennom KLP
Fitjar kommune ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato før tiltreding.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju. Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju fortløpande.
For spørsmål om stillingane, ta kontakt med einingsleiar Olav Sande , telefon 936 09 390 eller avdelingsleiar Kristine Østrem Vik.