Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Klepp kommune søkjer ei helsesjukepleiar til skulehelsetenesta med mål om god helse og livsmeistring for barn i alderen 6–16 år.
Stillinga er 100% fast og plassert ved Klepp helsestasjon, i utviklinga av tenester for barn og unge. Arbeidet krev samarbeid i tverrfaglege team og deltaking i helseundersøkingar og ope oppstart.
Vil du jobba med barn og ungdom – og gjera ein forskjell kvar dag?
Ved Klepp helsestasjon har vi frå 01.01.2027 ei ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta. Vi søkjer deg som er engasjert helsesjukepleiar og som ønskjer å bidra til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom gjennom helsefremjande og førebyggjande arbeid.
Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. Tenesteområdet omfattar også barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team (KTT) og fritidstenester. Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom tett samarbeid med elevar, føresette, skular og andre faginstansar arbeider vi for tidleg innsats, meistring og heilskapleg oppfølging.
Stillinga er knytt til skulehelsetenesta ved barne- eller ungdomsskule. Målgruppa er barn og ungdom i alderen 6 til 16 år. Som helsesjukepleiar vil du vera ein viktig støttespelar for elevar, føresette og skulen.
Inger Olsson,Leder,+47 90804283
Olav Hålandsveg 2
4351Kleppe
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5187914808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit.Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Helsesykepleier Hinna og Hillevåg helsastasjonsdistrikt