Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Helse Møre og Romsdal HF søker ein helsesekretær til fast stilling ved poliklinikken i Kristiansund. Stillingen omfatter resepsjon, pasientregistrering og oppgåver i Helseplattformen.
Arbeidsdagen omfattar telefonservice, arbeid med ventelister og bidrag til utvikling av interne rutiner. Vi vektlegg kundeservice, samarbeid og pålitelegheit.
Vil du vere med på laget vårt? Vi har ledig fast stilling som helsesekretær.
Dei tilsette i merkantilfunksjonen er ansiktet vårt utad, og er hjartet i arbeidsflyten på seksjonen vår. Vi har engasjerte og profesjonelle medarbeidarar som gir god service til pasientane, samarbeidspartnerane og våre eigne tilsette.
Helse Møre og Romsdal HF har eit poliklinisk spesialisthelsetjenestetilbod innan psykisk helsevern for barn og ungdom, lokalisert i Kristiansund (BUP Kristiansund). Vi har fire sekretærstillingar og 25 behandlarar, med bakgrunn som psykologar, legar, pedagogar og sosialfaglege. Vi tek imot pasientar frå fem kommuner på Nordmøre. Det kan verte behov for eit vikariat i seksjonen.
Å vere personleg vert vektlagd ved tilsetting.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Toril Kvisvik, Konst. seksjonsleiar, +47 95781432, Toril.Kvisvik@helse-mr.no
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5176163900
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2026