Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Ålesund Kommune (Butenesten Indre) har ledig ei 80 % nattestilling som helsefagarbeidar ved Myrland bustad. Turnus med arbeid kvar tredje helg og gode friperiodar. Vi nyttar årsturnus.
Stillinga krev fagbrev som Helsefagarbeidar. Relevant erfaring er ein fordel; krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2. Krav om politiattest og MRSA/TBC-eigenerklæring. Parkering i nærleiken kan vere aktuelt.
Butenesten Indre har ledig ei 80 % stilling på natt for helsefagarbeidar. Stillinga er lagt til Myrland bustad. Det er turnus med arbeid kvar 3. helg og med gode friperiodar. Vi nyttar årsturnus.
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal fra 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utenfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utenfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.