Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Midt-Telemark kommune tilbyr 10 helgestillingar i heimetenesta for 2027, fordelt i Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. Arbeidet omfattar helsetenester, pasientoppfølging og dokumentasjon, med tett samarbeid med pårørande. Krav til kvalifikasjonar inkluderer norsk språk, førarkort klasse B og politiattest før oppstart.
Me tilbyr e-læringskurs for nytilsette og gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunal lønn og avtaleverk.
Ønsker du ein varierande og spennande arbeidskvardag?
Nå har me ledig heile 10 stillingar på helg. Nokon studentar har flytta og sagt opp og så har me i tillegg oppretta nokon nye stillingar på helg i forbindelse med ny årsturnus for 2027.
Heimetjenesta i Midt-Telemark er ei avdeling inndelt i 3 soner, Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me team som skal jobbe målretta med «kva er viktig for deg» som pasient i ulike fagfelt som demens, sår, kreft, innsatsteam og sjukepleiar-prosedyrar. Innsatsteamet hjelper pasientar som i periodar treng meir oppfølging for å klare seg mest mogleg sjølve.Me samarbeider på tvers av sonane og fleire ansatte arbeidar i fleire soner. I tillegg til å gje tenestar i private heimar på bygda har me også ansvar for omsorgsbustadar.
Krav til kvalifikasjonar
Ønska kompetanse
Særskilde krav
Personlege eigenskapar vektleggast
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Elisabeth Josefsen-Reisjå,Avdelingsleiar,+47 99358302
Gamleveg 46
3802Bø i Telemark
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5196959205
Stillingsprosent: 22%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Helsefagarbeider/hjelpepleier, fast stilling