A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Voss sjukehus har 80% vikariat som helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved medisinsk sengepost, frå 01.12.2026 til 30.11.2027. Stillinga inngår i todelt vaktordning (dag/kveld) og arbeid kvar 3. helg, med opplæring og inkludering i arbeidsmiljøet.
Krav: norsk autorisasjon og beherskelse av norsk/svensk/dansk for dokumentasjon. Vi søkjer ein god teamplayer som trivst i eit aktivt miljø og ynskjer fagleg utvikling.
Voss sjukehus har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar på Medisinsk seksjon, sengepost.
Stillinga er ledige frå 01.12.2026 eller etter avtale.
Vi har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved sengeposten i Medisinsk seksjon fram til 30.11.2027. Vi ser etter deg som ynskjer å arbeida i eit aktivt miljø med høg faglegheit.
Stillinga inngår i todelt vaktordning (dag, kveld) og arbeid kvar 3. helg.
OM AVDELINGA
Medisinsk sengeposter lokalisert under Medisinsk seksjon, og har 20 heildøgnssengeplassar. Det blir behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar, som til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft.Sengeposten har nært samarbeid med andre profesjonar i sjukehuset.
OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på fem kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar fra Sogn og frå Hardanger.
OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frá sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover tilBergen/ Flesland og austover til Oslo.
Vi tenkjer at du:
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.