Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Arbeidsplassen

Gjerdet

On-site

NOK 420,000 - 520,000

Full time

14 days+
Application generator

Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande tariffavtale
Ein triveleg arbeidsplass med mange dy

Job summary

Hareid kommune, Eining for heimetenester, søker ei engasjert hjelpepleiar/helsefagarbeidar som blir ein del av det gode arbeidsmiljøet i heimetenesta. Vi tilbyr ei fast 100prosent stilling i todelt turnus, med arbeid kvar tredje helg.

Du vil bidra med ansvar, omtanke og respekt for brukarar og samarbeidspartnarar, og vere med i utvikling av tenestene i eit inkluderande fagmiljø.

Qualifications

  • Meistrar bruk av IT i det daglege.

Responsibilities

  • Utføre oppgåver på ein fagleg forsvarleg måte, i tråd med gjeldande lovverk, rutinar og prosedyrar
  • Gi Heilskapleg pleie og omsorg, inkludert kartlegging, behandling og observasjon, med fokus på brukarmedverknad og kvardagsmeistring
  • Dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande krav og regelverk

Skills

IT-bruk

Job description

Hareid kommune, Eining for heimetenester

Ein av våre erfarne medarbeidarar går no av med pensjon, og vi ønskjer derfor å styrkje teamet med ein engasjert hjelpepleiar/helsefagarbeidar som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet i heimetenesta. Vi tilbyr ei fast 100prosent stilling i todelt turnus, med arbeid kvar tredje helg.

Vi ser etter deg som tek ansvar, møter menneske med omtanke og respekt, og som finn gode løysingar når nye utfordringar oppstår. Du trivst i ein aktiv og variert kvardag der ingen dagar er like, og du klarer å halde motivasjonen oppe også i periodar med høgt tempo. Gode evner til kommunikasjon og samarbeid er viktige i denne rolla. Vi ønskjer oss ein kollega som bidreg positivt både fagleg og sosialt, og som er med på å skape eit godt arbeidsmiljø for både tilsette og brukarar.

Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du gode moglegheiter til fagleg utvikling og til å bygge verdifull erfaring i eit variert arbeid. Arbeidet vårt er retta mot å gi brukarane god livskvalitet, styrkje deira eigne ressursar og leggje til rette for at dei kan bu trygt i eigen heim så lenge som mogleg. Tenesta omfattar både heimebuande brukarar og bebuarar i omsorgsbustadar, og vi har alltid eit sterkt fokus på kvalitet i tenestene og den enkelte sine behov. Du vil vere ein viktig bidragsytar i vidare utvikling av ei eining som er i vekst og stadig endring.

I sektor for velferd samarbeider vi tett på tvers av einingar for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre, deler kunnskap og arbeider saman for å gi best mogleg tenester til innbyggjarane våre.

Som helsefagarbeidar vil du ha eit variert arbeid med faglege utfordringar knytt til oppfølging av brukarar både i eigne heimar og i omsorgsbustader. Vi legg stor vekt på godt samarbeid med brukarane, og har eit tett og velfungerande samarbeid med andre einingar og faggrupper innan velferdssektoren.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • utføre oppgåver på ein fagleg forsvarleg måte, i tråd med gjeldande lovverk, rutinar og prosedyrar
  • gi heilskapleg pleie og omsorg, inkludert kartlegging, behandling og observasjon, med fokus på brukarmedverknad og kvardagsmeistring
  • dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande krav og regelverk
Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet. Difor er det krav om at du

  • meistrar bruk av IT i det daglege
Personlege eigenskapar
  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god og forsvarleg måte
  • tilpassar deg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen, og du legg vekt på personsentrert omsorg.
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
  • møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
  • har fokus på heilskaplege pasientforløp- trygg, omsorgsfull og fagleg engasjert

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. Stabilitet, gode verdiar og arbeidsmoral er viktig for oss. Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen.

  • ein triveleg arbeidsplass med mange dyktige kollegaer
  • godepensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter gjeldande tariffavtale

Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.

Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.

Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.

Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon.Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.

Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.

Vi oppmodar deg til nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utenfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Arbeidsplassen • Gjerdet

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Ein triveleg arbeidsplass med godt fd
Spennande faglege utfordringar
Kurs gjennom Visma og NHI
+1
Helsefagarbeider/ hjelpepleier
Helsefagarbeider/ hjelpepleier

Arbeidsplassen • Harstad

On-site
NOK 520,000 - 600,000
Tariffestede lønns-, pensjons- og fors
Barnehageplass innen en måned ved flyt
Startlån gjennom Husbanken og Harstad
Helsefagarbeider/ hjelpepleier
Helsefagarbeider/ hjelpepleier

Inge Fagerland • Harstad

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Tariffestede lønns-, pensjons- og fors
Barnehageplassgaranti
Startlån via Husbanken og Harstad
Tilkallingsvikar: Helsetun og Heimetenester
Tilkallingsvikar: Helsetun og Heimetenester

Marit Irene Aas Nesheim • Aurland

On-site
NOK 320,000 - 460,000
Tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimebaserte tenester
Tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimebaserte tenester

Marit Irene Aas Nesheim • Aurland

On-site
NOK 320,000 - 460,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønnstyrtar tariff (lokal heft)
Helsefagarbeider
Helsefagarbeider

Lillestrøm Kommune • Kjeller

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Pensjonsordninger
Ulykkesforsikring
Helsefagarbeidar – ein jobb med meining. Bli med på laget vårt!
Helsefagarbeidar – ein jobb med meining. Bli med på laget vårt!

Gol kommune • Gol

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Inkluderande arbeidsmiljø
Kurs og fagleg utvikling
Helsefagarbeider
Helsefagarbeider

Arbeidsplassen • Mo i Rana

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Helsefagarbeidere søkes til stillinger ved korttidsavdeling på Bråset bo- og omsorgssenter
Helsefagarbeidere søkes til stillinger ved korttidsavdeling på Bråset bo- og omsorgssenter

Asker kommune • Røyken

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Arbeidsplassen • Nogva

On-site
NOK 500,000 - 640,000
God kollegastøtte
Teknologi i arbeidet
Løn etter tariff