Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Kvinnherad kommune i Rosendal, ved Hardangerfjorden, søker helsefagarbeidarar i 100% fast stilling i vikarpool. Stillingane inneber vakter ved fleire avdelingar etter behov, og fleksibilitet til å arbeide i ulike avdelingar med varierte brukargrupper.
Rosendalstunet er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering, med seks avdelingar og 60 plassar. Arbeidet krev engasjement for geriatrisk omsorg, godt fagmiljø og tett tverrfagleg samarbeid.
Vi søkjer helsefagarbeidarar i 100 % fast stilling. Stillingane er i vikarpool.
Vikarpoolstillingar inneber at arbeidstakaren utfører vakter ved fleire avdelingar på institusjonen etter behov. Den tilsette må vere fleksibel og kunne arbeide på ulike avdelingar med varierte brukargrupper.
Er du ein helsefagarbeidar med eit ekte engasjement for eldreomsorg - og lyst til å bli del av ein solid gjeng med dyktige fagfolk? Vi ser etter deg som vil bidra til ei verdig omsorg, og som har særleg interesse for geriatrisk arbeid.
Rosendalstunet ligg i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden. Vi er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Her har vi 6 avdelingar og 60 plassar innan langtidsopphald, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø tett tverrfagleg samarbeid og god tilgang på treningsfasilitetar.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg, eller turnus med langvakter.
Velferdsteknologi er ein naturleg del av kvardagen vår - no med prosjektet kamerabasert tilsyn.
Utøva helsefaglege oppgåver i samsvar med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
Gje heilskapleg pleie og omsorg
Samarbeida med pasientar, pårørande, avdelingsleiar og kollegaer
Rettleia kollegaer, studentar og elevar
Bestått fagbrev som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
Evne til å jobba sjølvstendig, men også som ein del av eit team
Ved tilsetjing legg vi vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar.
Tilsetjing etter gjeldande kommunale vilkår (HTA og AML)
Gode arbeidsvilkår i eit triveleg og støttande arbeidsmiljø
Ingen eigedomsskatt for hus, hytter eller næring
Ein region med mykje å by på - sjå Sunnhordlandslivet