An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Rosendalstunet i Rosendal søker helsefagarbeidarar i 100 % fast stilling i turnus, med vikarpool ved fleire avdelingar. Du må vere fleksibel og kunne arbeide på ulike avdelingar med variert brukergruppe.
Stillinga krev fagbrev som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar og god norsk skriftleg/muntleg. Ein solid faggruppe og tett tverrfagleg samarbeid ventar, inkludert velferdsteknologi prosjekt kameratsovervaking.
Arbeidsstad: Rosendalstunet – midt i vakre Rosendal
Vi søkjer helsefagarbeidarar i 100 % fast stilling. Stillingane er i vikarpool.
Vikarpoolstillingar inneber at arbeidstakaren utfører vakter ved fleire avdelingar på institusjonen etter behov. Den tilsette må vere fleksibel og kunne arbeide på ulike avdelingar med varierte brukargrupper.
Er du ein helsefagarbeidar med eit ekte engasjement for eldreomsorg – og lyst til å bli del av ein solid gjeng med dyktige fagfolk? Vi ser etter deg som vil bidra til ei verdig omsorg, og som har særleg interesse for geriatrisk arbeid.
Rosendalstunet ligg i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden. Vi er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Her har vi 6 avdelingar og 60 plassar innan langtidsopphald, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø tett tverrfagleg samarbeid og god tilgang på treningsfasilitetar.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg, eller turnus med langvakter.
Velferdsteknologi er ein naturleg del av kvardagen vår – no med prosjektet kamerabasert tilsyn .
Ved tilsetjing legg vi vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern §6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar §19, Helsepersonellova §20 helse- og omsorgstenestelova §5-4
Ein liten videosnutt om kommunen vår : https://www.youtube.com/watch?v=Qp1wXYbj4Ps