Enable job alerts via email!
En lokal kommune i Vestland søker en helsefagarbeidar til en fast 100% stilling. Du vil jobbe i et moderne omsorgssenter med varierte oppgaver innen pasientomsorg. Stillingen krever norsk autorisasjon som helsefagarbeidar og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Det tilbys gode muligheter for faglig utvikling og et trygt arbeidsmiljø.
Er du helsefagarbeidar og ønskjer ei fast heil stilling med gode kollegaer og spennande oppgåver? I Bremanger kommune, for tida Svelgen Omsorgssenter – er det ledig faste helsefagarbeidarstillingar i 100%.
Svelgen Omsorgssenter stod ferdig i mars 2016. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og tilrettelagd arbeidsplass. Arbeidsdagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Svelgen Omsorgssenter har 48 bueiningar, fordelt på 5 avdelingar. Avdelingane er fordelt etter diagnoser og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom.
Vi arbeider i årsturnus, kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid – og fritida si.
Vi har fleire ressursteam, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivst med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.
Serviceinnstilling og personleg eigenat vektleggast
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310
Granden 1
6723 Svelgen
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 4997352983
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2025
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.