A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sande omsorgssenter i Sunnfjord kommune søker engasjerte medarbeidarar til heilskapleg pleie og behandling av pasientar. Vi har eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø der tryggleik og fagleg utvikling står i fokus.
Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø, vert oppmoda til vidareutdanning og kan få langvakter. Arbeidsplassen tilbyr utfordringar og eit viktig samfunnsoppdrag i kommunal helse og omsorg.
Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca. 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø.Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.
Har du lyst på eit arbeid som gir deg mykje glede, ansvar og faglege utfordringar?
Vi har ledig:
Vi har prøv ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lengt det let seg gjere etter behov.Går ein langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg. Ved kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg.