Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sande omsorgssenter i Sunnfjord kommune søker ein helsefagarbeidar i 100 % stilling som 1-års vikariat. Institusjonen ligg sentralt i Sunnfjord og har 40 senger.
Du vil ha ansvar for heilskapleg pleie, dokumentasjon og samarbeid med pasientar og pårørande, samt legge til rette for aktivitet. Krav om norsk autorisasjon og god norsk skriftleg/munnleg blir vektlagt.
Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca. 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø.Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.
Har du lyst på eit arbeid som gir deg mykje glede, ansvar og faglege utfordringar? Då må du søke stilling ved Sande omsorgssenter.
Vi har prøv ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lengt det let seg gjere etter behov.Går ein langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg. Ved kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg.
Før tilsetting må søkar kunne levere politiattest uten merknader.