A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Seljord kommune har ledig ei stilling som assisterande avdelingsleiar ved Helseavdelinga. Stillinga er 80 % fast og krev engasjement for fagutvikling, personalansvar og økonomi i tett samarbeid med avdelingsleiar.
Helseavdelinga består av legekontor, legevakt, fysioterapi, ergoterapi, helsestasjon og skulehelseteneste. Vi søker kandidatar med relevant høgare helsefagleg utdanning, leiarerfaring og gode norskferdigheiter.
Helseavdelinga i Seljord er ei tverrfagleg kompetansebedrift og består av avdelingane legekontor, legevakt, fysioterapi og ergoterapi, helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helse og rus. Det er om lag 35 tilsette, og er frå 1/1-27 organisera med ein avdelingsleiar med ansvar for fag, personal og økonomi og ein assisterande avdelingsleiar som har ansvar for dagleg drift. Seljord er vertskommune for eit interkommunalt legevaktssamarbeid med Kviteseid kommune, denne legevakta vil frå 1/1-27 vere ein døgnopen teneste.
Helseavdelinga har eit solid og godt arbeidsmiljø med sterkt fagleg fokus og høg fagleg kompetanse. Det er kontinuerlig fokus på tverrfaglegheit og samarbeid med heile det kommunale tenestetilbodet. Seljord er ein liten og sterk distriktskommune med visjonen Seljord- det gode vertskap.
Seljord kommune har ledig ei stilling som assisterande avdelingsleiar for ei helseavdeling med framoverlente og faglege engasjerte medarbeidarar. Den leiaren vil jobbe i tett samarbeid med avdelingsleiar, og delta på dei arenaene det er naturleg.
Kine Jordbakke, einingsleiar Helseavdelinga