A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF har ledig eit helgevikariat for helsefagarbeidar eller sjukepleie-/vernepleiarstudent i Allmenn- og alderspsykiatri SNR døgnpost.
Stillinga er 20% og deltids, tilsetjing som vikariat med start 17.10.2026 og sluttdato 30.05.2027. Du skal arbeide tverrfagleg, bidra til utgreiing og behandling av demens og andre psykiske lidingar, og samarbeide tett med kommunane. Vi ser etter fagleg tryggleik, evne til å støtte kollegaer og god relasjonsbygging.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg!
Helgevikariat for helsefagarbeidar eller sjukepleie-/vernepleiarstudent Allmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Søk på stillinga (i ny fane)
Allmenn - og alderspsykiatri SNR har ledig 2 x 20% helgestillingar.
Vi ønskjer oss truverdige og fagleg sterke helsefagarbeidarar eller sjukepleie-/vernepleiarstudent. Du har audmjukheit nok til å kjenne dine eigne styrkar, innsikt i eigne avgrensingar og tryggleik til å trå til når det skjer noko ekstra, samstundes som du bidreg med dine synspunkt i drøftingar med kollegaer.
Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det.
Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD), alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplassar inkludert moglegheit for 2 intensivplassar - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Allmenn- og alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.
18.10.2026
Helse Møre og Romsdal HF
Hjelset
Helgevikariat for helsefagarbeidar eller sjukepleie-/vernepleiarstudent
2
Deltid
Vikariat
20
5183752965
17.10.2026
30.05.2027
Del på X
Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv.
Les meir om Møre og Romsdal her.
Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
Marit Møgedal Stokkeland
Seksjonsleiar
Telefon: +47 46683184
E-post: Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet.
Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal