Enable job alerts via email!
En omsorgsorganisasjon i Tysnes søker helgestillingar for å støtte bebuarane i eigenomsorg og personlige mål. Vi ønsker søkere med erfaring og gode samarbeidsevner, samt en lyst til å gjøre en forskjell. Stillingen gir mulighet for personlig og faglig utvikling.
Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter
Den som blir tilsett vil utføre arbeidsoppgåver innan dei ulike områda, i samsvar med kompetanse og erfaring.
Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert opp mot personlege eigenskapar og erfaring.
Krav til stillinga:
Ønskjelege kvalifikasjonar:
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.
Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt.
Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar?
Då trur me du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus. Du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Me tilbyr ein variert og lærerik arbeidskvardag der du får utfordra deg sjølv, utvikla kompetansen din og bidra til å gjera ein forskjell i kvardagen til menneske som treng det. Du vil oppleva eit trygt og støttande arbeidsmiljø der trivsel og samarbeid står i sentrum.
Er du student og vil skaffe deg verdifull arbeidserfaring medan du studerer, samtidig som du får ei ekstra inntekt? Då kan studentavtalen med Tysnes kommune vere perfekt for deg!
Me har ei stipendordning som kan gje deg ekstra støtte i studietida. Du kan lese meir om studentavtalen på heimesida vår.
I tillegg har me ein eigen lønsstige for deg som er student innan eit område som er relevant for stillinga. Innan helse gjeld det f.eks. sjukepleie-, vernepleie-, ergoterapi-, eller medisintudentar. Denne er aktuell for deg som kan dokumentere at du har fullført minst eitt år av studiet.
Me tilbyr gode pensjonsordningar gjennom KLP, og løn vert gitt i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale.
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Avdelingsleiar 2. høgda - Tysnes omsorgssenter
Avdelingsleiar 1. høgda avd. Fjorden og dagsenter - Tysnes omsorgssenter
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes! Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.