Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester leitar etter ein medarbeidar som kan yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarar med nedsett funksjonsevne. Arbeidet vektlegg god livskvalitet, brukar medverknad og førebygging i eit tverrfagleg miljø.
Ein må vere innstilt på å bidra i eit inkluderande team, og samarbeide for å ivareta tryggleik og sjølvstende hos brukarane, med moglegheit for medisinhandtering ved behov og god dokumentasjon.
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 8 bufellesskap, og 2 dagsenter. Torsneset bufelleskap er eit bufellesskap for vaksne, med 7 tenestemottakarar med ulike behov for oppfølging. Avdelinga ligg sentralt lokalisert i Eikelandsosen
Eining; Tilrettelagte tenester, v/Torsneset bufellesskap i Eikelandsosen
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Ved behov vil du kunne få delegasjon på medisinhandtering. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Vi søkjer fortrinnsvis deg som har autorisasjon helsefagarbeidar, men studentar innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning vil øg og bli vurderte. Det er ønskeleg at du har erfaring med arbeid med personar med nedsett funksjonsevne. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. Sertifikat, bil kl. B.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester