Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen har ledige faste helgestillingar for studentar innan sjukepleie, medisin eller helsefag. Det er ønske om norsk autorisasjon for sjukepleiar og helsefagarbeidar.
Stillingane er deltid og fordeler seg hovudsakleg over helger, med moglegheit for ekstravakter i veker og i høgtider. Stillingane gir god opplæring og rettleiing i eit travelt tverrfagleg miljø.
Ønsker du spennande arbeid ved Lungeavdelinga? Lungeavdelinga har ledig faste helgestillingar. Stillingane passer for studentar innan sjukepleie, medisin eller helsefag.
Det er ønskeleg at søkar har pleieerfaring frå tidlegare. Stillingane er i snitt pt. kvar 3.helg og det kan bli aktuelt med ekstravakter i veker og helg/helligdagar. I tillegg er det moglegheit for meir intensiv jobbing i feriar.
Lungeavdelinga har to sengepostar. Post 3 har 22 sengeplassar med hovudansvar for tre store pasientgrupper, lungekreft, KOLS (pasientar med kronisk obstruktive lungesjukdommar) og lungeinfeksjonar. Vi har òg 1 luftsmitteisolat for pasientar med tuberkulose. I tillegg behandlar vi pasientar med mellom anna pneumothorax, lungefibrose, sarkoidose og lungeemboli.
Lungeavdelinga er ein arbeidsplass med høg aktivitet og mange varierte og spennande utfordringar. Avdelinga tilbyr god opplæring og rettleiing til nytilsette. Det er eit godt tverrfagleg miljø ved avdelinga.
Søknadsfrist:
Helgestilling for studentar innan helsefag
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspelege mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.