An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Hardanger og Voss museum i Norheimsund søkjer ein utviklingsorientert stabsleiar som skal styrkje organisasjonen. Stabsfunksjonen omfattar økonomi, personal og organisasjonsutvikling, og rapporterer til direktøren.
Du vil samarbeide tett med direktør og avdelingsleiarar i ei viktig rolle som balanserer strategi og drift. Stillinga ligg til våre nye lokalar i Norheimsund, og du får ansvaret for eit stort fagmiljø med fokus på kulturarv og samfunnsverdi.
Har du lyst til å bli med å utvikle ein mangfaldig og engasjert kultur- og kunnskapsinstitusjon? Hardanger og Voss museum tek vare på, formidlar og utviklar ny kunnskap om kulturarv og kunst i regionen. Gjennom museum, møteplassar og opplevingar er vi ein viktig samfunnsaktør og demokratisk arena for refleksjon, deltaking og fellesskap.
No søkjer vi ein utviklingsorientert stabsleiar som vil vere med på å styrkje organisasjonen vår vidare. Dette er ei nøkkelrolle i organisasjonen, og passer for deg som trivst i skjeringspunktet mellom strategi og drift, mellom samfunnsoppdrag og daglege avgjerder. Og som ønskjer å bidra til gode rammer for eit stort og mangfaldig fagmiljø. Som stabsleiar får du ei sentral rolle i administrasjonen med overordna ansvar for økonomi, personal og organisasjonsutvikling. Du arbeider tett saman med staben, direktør og avdelingsleiarane, og rapporterer til direktør.
Arbeidsstad for stillinga er ved våre nye og flotte lokale i Norheimsund.
Bli betre kjent med Hardanger og Voss museum! Høyr direktør Åsmund Kristiansen fortelje om stillinga og verksemda i Stillingspodden fra HAMNØY: https://www.buzzsprout.com/2075765/episodes/19735867
Som vår nye stabsleiar får du det overordna ansvaret for økonomiforvaltning, personalleiing og organisasjonsutvikling. Rolla kombinerer strategisk og operativt arbeid, og inneber stor grad av sjølvstende i korleis du byggjer og vidareutviklar stabsfunksjonen.
Vi søkjer deg med solid leiarbakgrunn og god økonomiforståing, og som trivst med å tenkje heilskapleg på tvers av avdelingar. Du er ein trygg og samlande leiar som trivst med å utvikle både menneske, organisasjon og arbeidsprosessar. Du motiverast av samfunnsoppdraget vårt og ser verdien av å arbeide i ein kunnskaps- og kulturinstitusjon der målet er samfunnsverdi framfor økonomisk vinning. Har du erfaring frå og/eller interesse for kulturarv og museumsfeltet, så er det ein fordel.
Søknadsfrist: 4. oktober 2026 - me vurderer søknader fortløpande
Allette Solberg,Rådgiver,+ 47 900 20 132,as@hamnoy.no
Fredrik Deilkås,Rådgiver,+47 984 72 541,fad@hamnoy.no
Arbeidsgiver: Hardanger og Voss museum
Referansenr.: 5174296515
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026