Recebe uma resposta deste empregador
O teu currículo e carta de apresentação, adaptados exatamente ao que estão a contratar.
Hadarhus AS i regionen søker ein dyktig og sjølvstendig tømrer med fagbrev til vårt lag. Du vil arbeide med montering av veggar, tak, dører, vindauge og andre bygningsdelar, og bruke teikningar og gjeldande krav i arbeidet.
Du bør vere strukturert, påliteleg og løysingsorientert, kunne planleggje og gjennomføre eigne arbeidsoppgåver og samarbeide godt med kollegaer.
Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar og ei trygg arbeidsplass med utviklingsmoglegheiter.
Hareid, Herøy (Møre og Romsdal), Ulstein, Volda, Ørsta
Hadarhus AS har god aktivitet og ønskjer å styrke laget vårt med ein dyktig og sjølvstendig tømrar med fagbrev.
Må kunne kommunisere godt på norsk eller eit anna skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg
Strukturert, påliteleg og løysingsorientert
Vi ser etter deg som trivst med varierte arbeidsoppgåver, tek ansvar for eige arbeid og er opptatt av å levere godt handverk. Hos oss vil du få arbeide med ulike typar byggeprosjekt, både sjølvstendig og saman med gode kollegaer.
Montering av veggar, tak, dører, vindauge og andre bygningsdelar
Arbeid etter teikningar, beskrivingar og gjeldande krav
Planlegging og gjennomføring av eigne arbeidsoppgåver
Bidra til eit trygt, ryddig og godt arbeidsmiljø på byggeplassen
Hadarhus AS er ein del av Vågegruppa. Saman med dei andre selskapa i konsernet har vi brei kompetanse innan bygg og anlegg og gjennomfører små og store prosjekt i regionen.
Hareid, Herøy (Møre og Romsdal), Ulstein, Volda, Ørsta, Stryn