Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vågegruppa søker tømrere til Volda og Sunnmøre-området. Du blir ein del av eit stort fagmiljø, med prosjekt frå bustad til næringsbygg og rehabilitering. Vi tilbyr eit lokalt og jordnært arbeidsmiljø der du kan utvikle deg og ta meir ansvar.
Vi ser etter fagbrev eller relevant erfaring, evne til å jobbe sjølvstendig og i team, samt kjøreførar med klasse B. Norsk eller eit anna skandinavisk språk blir sett pris på.
Tømrar og klar for nye utfordringar? Er du tømrar i ei anna bedrift og nysgjerrig på nye utfordringar?
Driv du for deg sjølv, men kunne tenkt deg ein meir føreseieleg kvardag og eit større fagmiljø rundt deg?
Eller er de eit sjølvstendig tømrarlag som ønskjer ein solid samarbeidspartnar og tilgang på fleire prosjekt?
Vågegruppa har mykje å gjere og ønskjer fleire dyktige tømrarar med på laget!
Vi ser etter deg som:
Har fagbrev som tømrar eller god relevant erfaring
Er kvalitetsmedviten og løysingsorientert
Trivst med å arbeide både sjølvstendig og saman med andre
Har førarkort klasse B
Meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk
Vi søkjer folk til både Volda Bygg og Hadarhus/Blink Hus Søre Sunnmøre, og kan tilby ein variert arbeidskvardag med prosjekt innan bustad, hytte, næringsbygg, rehabilitering og andre byggjeoppdrag.
Hos oss blir du del av eit større fagmiljø med flinke folk rundt deg, samtidig som kvardagen framleis er lokal og jordnær.
Som del av Vågegruppa har selskapa tilgang på kompetanse og ressursar på tvers av konsernet -- og det gir moglegheiter både for fagleg utvikling, meir ansvar og varierte arbeidsoppgåver.
Vi ønskjer også å kome i kontakt med sjølvstendige tømrarar og tømrarlag som er interesserte i samarbeid på prosjekta våre.
Dette kan vi tilby:
Varierte prosjekt og arbeidsoppgåver på Søre Sunnmøre
Eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
Eit større fagmiljø på tvers av Vågegruppa
Moglegheit til å utvikle deg og ta meir ansvar
Konkurransedyktige vilkår
Fast og føreseieleg arbeid for deg som ønskjer fast tilsetjing
Moglegheit for samarbeid for deg som ønskjer å halde fram som sjølvstendig