Enable job alerts via email!

Generell Søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren

Ål Kommune

Torget

On-site

NOK 200,000 - 350,000

Part time

30+ days ago

Generate a tailored resume in minutes

Land an interview and earn more. Learn more

Job summary

En norsk kommune søker etter medarbeidere til helse- og omsorgssektoren. Vi leter etter personer med interesse for å arbeide tverrfaglig, og som ønsker opplæring og utvikling. Erfaring er ikke nødvendig, og søkere må være 18 år. Vi tilbyr et lærerikt miljø med gode faglige muligheter.

Qualifications

  • Du må vere sjølvstendig og like kontakt med menneskjer.
  • Du bør ha førarkort og gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Nyutdanna eller liten erfaring er velkommen.

Responsibilities

  • Vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet.
  • Jobbe med tverrfagleg arbeid og brukarmedverknad.
  • Gi gode meistringstilbod til brukarar.
Job description
Overview

Ønskjer du jobb i helse og omsorgssektoren og du har ein kompetanse me treng?

Helse- og omsorgssektoren består av 8 avdelingar som samla gir eit heilskapleg tilbod av helse- og omsorgstenester. Me har god fagdekking og fokus på fag- og kvalitetsutvikling. Det er eit godt og tett tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike tenestene og med frivillige og Frivilligsentralen.

Ansvarsområde og fagmiljø
  • Sjukepleiarar
  • Miljøterapeutar / miljøarbeidarar
  • Fagarbeidarar / assistentar
  • Personar med annan helsefagleg bakgrunn
  • Studentar innan sjukepleie / vernepleie / medisin eller helsefag
  • Å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus tverrfagleg arbeid, brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod
Kvalifikasjonar og krav

Du må vere sjølvstendig, like kontakt med menneskjer og du bør ha førarkort. Du må kunne bruke data og ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg. For å jobbe i helse- og omsorgssektoren må du vere 18 år.

Er du nyutdanna eller har du liten erfaring, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hos oss får du god opplæring og rettleiing. Me legg til rette for å vere eit lærande hus for elevar og studentar.

Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning.

Søknad og tilsetting

Alle avdelingsleiarar i Helse- og omsorgssektoren har tilgang til søknadar som kjem inn, og kan ta kontakt med aktuelle søkjarar. Annonse ligg open ut året, og søknaden din vil bli liggjande tilgjengeleg for leiarane til du eventuelt ber oss om å trekke den.

Avtale som tilkallingsvikar inneber at me tek kontakt med deg ved behov for kortvarig og mellombels engasjement.Til kallaingsvikaren har ikkje arbeidsplikt i kommunen, og kan takke ja eller nei til tilbod om arbeid. Det er avdelinga sitt behov som er utgangspunktet for ein førespurnad, og dei står fritt i valet av arbeidstakar i det einskilde høve. Me gjer merksam på at ein avtale som tilkallingsvikar ikkje gjev rett på vikaroppdrag.

Du viser din interesse ved å søkje på denne stillinga. Dersom du ønskjer å jobbe ved ei bestemt avdeling ber vi om at du oppgir dette i søknaden.

Om vi ved eit seinare tidspunkt lyser ut ein stilling som er av interesse må du leggje inn ei ny søknad på den aktuelle stillinga, sjølv om du tidigare har vist oss interesse ved å sende oss ein søknad.

Praktiske opplysningar
  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Get your free, confidential resume review.
or drag and drop a PDF, DOC, DOCX, ODT, or PAGES file up to 5MB.