
Enable job alerts via email!
Generate a tailored resume in minutes
Land an interview and earn more. Learn more
En kommune i Norge søker en fritidslos for ungdom i 50% stilling. Du vil bidra til å styrke ungdoms tilknytning til samfunnet og tilby rammer for mestring. Stillingen krever relevant utdanning og erfaring med ungdom. Det tilbys pensjonsordninger og et engasjert fagmiljø.
Vil du gjere ein forskjill for ungdom i Aukra?Vi søkjer Fritidslos i 50% til eit engasjement på 1 år.
Aukra kommune lyser ut ei spennande og meiningsfull stilling som Fritidslos. Vi ser etter deg som vil bidra til å styrke ungdom si tilknyting til samfunnet og fremje livskvalitet gjennom tett oppfølging og gode relasjonar. Stillinga kan med fordel kombinerast med stilling som miljøarbeidar, sjå eiga utlysing.
Fritidslosen arbeider førebyggande og tiltaksretta med ungdom i alderen 15–18+ år som står i fare for å hamne i utanforskap. Dette kan vere ungdom som har utfordringar med å delta i skole, arbeidsliv eller fritidsaktivitetar.
Gjennom fleksibel tilnærming og relasjonsbygging skal fritidslosen vere ein trygg vaksenperson som møter ungdom på deira arenaer. Arbeidet sker i tett samarbeid med familie, skole, oppfølgingstenesta, NAV og andre hjelpetenester – med mål om å skape heilskaplege og koordinerte tiltak rundt ungdommen.
Stillinga er organisert under kulturavdelinga og inngår i teamet saman med kommunen sine ungdomslosar.
Er du den vi ser etter?
Send oss ein søknad der du fortel kvifor du vil bli fritidslos i Aukra kommune. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling".
Søknadsfrist: 01.12.2025
Anne Jorunn Sandøy, Kultursjef, tlf: 71171500, mobil: 95907055, anne.jorunn.sandoy@aukra.kommune.no