Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Mattilsynet i Oslo søkjer ein ny medarbeidar til innsynsteamet ved hovudkontoret. Stillinga er plassert i Seksjonen dokumentasjonsforvaltning og bidrar til openheit og rettssikkerheit i offentleg forvaltning.
Du vil saksbehandle innsynskrav etter offentleglova, vurdere klagesaker og rettleie tilsette i samband med innsyn og journalføring. Arbeidet krev struktur, høg etisk standard og god kjennskap til regelverk og digitale verktøy.
Mattilsynet har eit viktig samfunnsoppdrag: å bidra til ei trygg framtid for menneske, dyr og natur. Vi sørgjer for trygg mat, god dyrehelse og god dyrevelferd. Som tilsett hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med gode moglegheiter for samarbeid og fagleg utvikling.
Mattilsynet mottar mange innsynskrav kvart år. Derfor søkjer vi nå ein ny medarbeidar til innsynsteamet ved hovudkontoret.
Stillinga er plassert i seksjon dokumentasjonsforvaltning, som har ansvar for dokumentasjonsforvaltning, arkiv og innsyn. Seksjonen bidrar til å sikre openheit og tillit til Mattilsynets arbeid. Arbeidsstad vil vere Oslo eller Brumunddal.
Innsynsteamet behandlar innsynskrav som blir sende til hovudkontoret, og handterer klager i saker der hovudkontoret er førsteinstans. Dette er eit viktig fagområde som bidrar til offentleg innsyn og rettssikkerheit. Du vil samarbeide tett med teamkoordinatoren for innsynsteamet.
Vi ser etter deg som er motivert av samfunnsoppdraget vårt, og som kjenner deg igjen i verdiane våre: open, tydeleg, kompetent og løysingsorientert.
Vi vil leggje vekt på personlege eigenskapar og motivasjon.
Ta gjerne kontakt med leiar Katarina Lund Solli på tlf. 48 11 85 89 dersom du har spørsmål om stillinga.
Det er både visjonen vår og eit uttrykk for korleis vi jobbar saman for å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt. Vi utviklar organisasjonen og løysningane vi leverer, med utgangspunkt i behova til brukarane våre.
I Mattilsynet er vi over 1 200 kollegaer over heile landet, med kompetanse på mange fagfelt. Vi er blant anna veterinærar, biologar, juristar, teknologar og medarbeidarar med bakgrunn innan næringsmiddelproduksjon og forvaltning. Saman bidreg vi blant anna til trygg mat og trygt drikkevatn, god dyrehelse og dyrevelferd og god plantehelse.
Mattilsynet er eit statleg forvaltningsorgan og rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Du kan lese meir om oss på mattilsynet.no.
Inkluderingog mangfald er ei styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein endå betre måte. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg dersom du treng det. Vi bruker berreavkryssinganetil å velje ut rette kandidatar og til anonymisert statistikk.