Førstekonsulent

Arbeidsplassen

Oslo, Brumunddal

On-site

NOK 590,000 - 650,000

Full time

14 days+
Application generator

Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Fast stilling
Heimekontor (2 dagar)
Moderne kontorlokale
Pensjonsordning

Job summary

Mattilsynet søker ein ny medarbeidar til innsynsteamet ved hovudkontoret. Stillinga ligg i seksjon dokumentasjonsforvaltning, som har ansvar for dokumentasjonsforvaltning, arkiv og innsyn. Arbeidsstad vil vere Oslo eller Brumunddal.

Du vil behandle innsynskrav, handtere klage og bidra til utvikling av rutinar, med eit viktig samfunnsoppdrag og openheit som kjerneverdi.

Qualifications

  • Krav om juristbakgrunn og relevant erfaring frå offentleg forvaltning.
  • Gode skrive- og formuleringsferdigheiter på norsk.
  • Kjennskap til offentlegforvaltningslova og saksbehandlingsrutinar.

Responsibilities

  • Saksbehandle innsynskrav i samsvar med offentleglova.
  • Rettleie tilsette i samband med innsyn og journalføring.
  • Vidareutvikle rutinar for handtering av innsynskrav.
  • Hovudansvar for å sikre openheit og rettssikkerheit i saka.
  • Samarbeide tett med teamkoordinator for innsynsteamet.

Skills

Forvaltningsrett
Saksbehandlarfaring
Norsk skriftlig/munnleg

Education

Bachelorgrad i rettsvitskap
Mastergrad i rettsvitskap

Job description

Vil du jobbe med innsyn i ei verksemd med stort samfunnsansvar?

Mattilsynet har eit viktig samfunnsoppdrag: å bidra til ei trygg framtid for menneske, dyr og natur. Vi sørgjer for trygg mat, god dyrehelse og god dyrevelferd. Som tilsett hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med gode moglegheiter for samarbeid og fagleg utvikling.

Mattilsynet mottar mange innsynskrav kvart år. Derfor søkjer vi nå ein ny medarbeidar til innsynsteamet ved hovudkontoret.

Stillinga er plassert i seksjon dokumentasjonsforvaltning, som har ansvar for dokumentasjonsforvaltning, arkiv og innsyn. Seksjonen bidrar til å sikre openheit og tillit til Mattilsynets arbeid. Arbeidsstad vil vere Oslo eller Brumunddal.

Innsynsteamet behandlar innsynskrav som blir sende til hovudkontoret, og handterer klager i saker der hovudkontoret er førsteinstans. Dette er eit viktig fagområde som bidrar til offentleg innsyn og rettssikkerhet. Du vil samarbeide tett med teamkoordinatoren for innsynsteamet.

Vi ser etter deg som er motivert av samfunnsoppdraget vårt, og som kjenner deg igjen i verdiane våre: open, tydeleg, kompetent og løysingsorientert.

Sentrale arbeidsoppgåver
  • Saksbehandle innsynskrav i samsvar med offentleglova.
  • Saksførebuing ved klage på avslag på innsyn der eitt av dei tre eigardepartementa våre er klageinstans.
  • Rettleie tilsette i samband med innsyn og journalføring.
  • Vidareutvikle rutinar for handtering av innsynskrav.
  • Du må også rekne med andre oppgåver innan det samla ansvarsområdet for avdelinga/seksjonen.
Kvalifikasjonskrav
  • Bachelorgrad i rettsvitskap eller mastergrad i rettsvitskap.
  • God kunnskap om forvaltningsrett.
  • Saksbehandlarerfaring frå offentleg forvaltning.
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk.
Ønskte kvalifikasjonskrav
  • Interesse for og kunnskap om personvernregelverket (GDPR).
  • God kunnskap om offentleglova samt arkivlova med forskrifter.
Personlege eigenskapar
  • Du arbeider raskt, er strukturert og nøyaktig, har gode samarbeidsevner og trivst både med å jobbe i team og med sjølvstendig arbeid.
  • Du har evne til raskt å setje seg inn i aktuelle saksbehandlingssystem og digitale verktøy.
  • Du er open, kommuniserer klart og tydeleg, deler synspunkta dine og bidrar til å gjere kollegaene dine gode.
  • Du må trivast med rutineoppgåver, samtidig som du kan bidra til utvikling av rutinar og prosessar.
Vi tilbyr
  • Fast stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida fra kr 590 000 til kr 650 000 for tilsvarande stillingar i Mattilsynet. For kandidat med mastergrad i rettsvitskap, stilling som rådgivar (stillingskode 1434) med høgare lønn.
  • Fine og moderne kontorlokale sentralt i Oslo eller Brumunddal.
  • Gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid, sommar- og vintertid) og moglegheit for inntil to dagar heimekontor i veka.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, låne- og forsikringsordninger.
Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med leiar Katarina Lund Solli på tlf. 48 11 85 89 dersom du har spørsmål om stillinga.

Saman tryggjer vi framtida for menneske dyr og natur

Det er både visjonen vår og eit uttrykk for korleis vi jobbar saman for å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt. Vi utviklar organisasjonen og løysningane vi leverer, med utgangspunkt i behova til brukarane våre.

I Mattilsynet er vi over 1 200 kollegaer over heile landet, med kompetanse på mange fagfelt. Vi er blant anna veterinærar, biologar, juristar, teknologar og medarbeidarar med bakgrunn innan næringsmiddelproduksjon og forvaltning. Saman bidreg vi blant anna til trygg mat og trygt drikkevatn, god dyrehelse og dyrevelferd og god plantehelse.

Mattilsynet er eit statleg forvaltningsorgan og rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Du kan lese meir om oss på mattilsynet.no.

Inkluderingog mangfald er ei styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein endå betre måte. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg dersom du treng det. Vi bruker berreavkryssinganetil å velje ut rette kandidatar og til anonymisert statistikk.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Førstekonsulent
Førstekonsulent

Katarina Lund Solli • Oslo

On-site
NOK 590,000 - 650,000
Moderne kontorlokale
Fleksibel arbeidstid
Inntil to dagar heimekontor
+1
Sikkerhetsrådgiver
Sikkerhetsrådgiver

Arbeidsplassen • Oslo, Brumunddal

On-site
NOK 600,000 - 990,000
Lønn etter avtale
Hjemmekontor opptil to dager i uken
Moderne arbeidslokaler
+2
Jurist
Jurist

Margareth Bergesen • Sandnes

On-site
NOK 700,000 - 850,000
Gode arbeidstidsordninger
Faglig utvikling
Moderne kontorlokaler
+1
Seksjonssjef virksomhetsstyring
Seksjonssjef virksomhetsstyring

Arbeidsplassen • Oslo

On-site
NOK 1,000,000 - 1,200,000
Statens pensjonskasse
Moderne lokaler i Oslo
Seksjonssjef virksomhetsstyring
Seksjonssjef virksomhetsstyring

Lena de Faveri • Oslo

On-site
NOK 1,000,000 - 1,200,000
Statens pensjonskasse
Moderne lokaler i Oslo
Senior fullstackutvikler
Senior fullstackutvikler

Cecilie Bønes Paulsen • Oslo

Hybrid
NOK 800,000 - 1,050,000
Fleksibel arbeidstid
Inntil to dager hjemmekontor i uken
Moderne kontorlokaler i Oslo
Seniorinspektører Tilsyn
Seniorinspektører Tilsyn

Arbeidsplassen • Trondheim

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Vi søker en erfaren .NET - utvikler
Vi søker en erfaren .NET - utvikler

Arbeidsplassen • Oslo

On-site
NOK 830,000 - 950,000
Fleksibel arbeidstid
Mulighet til å jobbe hjemmefra
Statens pensjonskasse
Seniorinspektører Tilsyn
Seniorinspektører Tilsyn

Harald Gran • Trondheim

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Lønn etter Statens lønnsregulativ som
seniorinspektør kode 1371 (kr 650 000–
Gode ordninger og fordeler for våre AN
Vi søker lege med spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar (gynekolog)
Vi søker lege med spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar (gynekolog)

Morten Venberget • Oslo

On-site
NOK 1,200,000 - 1,350,000
Lønn og pensjonsordning
Fleksibel arbeidstid
Hjemmekontor opptil to dagar/veka