Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Samlaget søker forlagssjef til å lede redaksjonen, ta ansvar for det redaksjonelle arbeidet og personalet. Stillinga krev solid erfaring med tekstarbeid, brei kunnskap om forleggjarfaget, og vilje til å utvikle nettverket for å hente inn prosjekt og rekruttere forfattarar. Arbeidsstaden er i Oslo, med leiarrolle i avdelinga.
Stillinga har ansvar for personalet (12 tilsette) og for budsjett og resultat. Rapportering skjer til forlagsdirektøren, og ein del av leiargruppa.
Vi jaktar på ny forlagssjef til Samlaget. Dette er ei stilling som krev solid erfaring med tekstarbeid, brei kunnskap om forleggjarfaget og eit brennande engasjement for nynorsk språk.
Vi ser etter ein god generalist på forleggjarfeltet, som er van med å balansere «børs og katedral». Stillinga krev eit markedsorientert blikk og forretningsteft, og samstundes må forlagssjefen ha vilje og evne til å jobbe tett med nokre av landets fremste forfattarar med fokus på det litterære. Vedkommande må vere glad i å bruke og utvikle nettverket for å hente inn prosjekt og rekruttere forfattarar.
Forlagssjefen er leiar for redaksjonen med ansvar for det redaksjonelle arbeidet og har personalansvar for tolv tilsette i avdelinga. Stillinga har budsjett- og resultatansvar for redaksjonen, og forlagssjefen står for den daglege leiinga av avdelinga. Stillinga rapporterer til forlagsdirektøren og inngår i leiargruppa.
Den viktigaste oppgåva til forlagssjefen blir å hente inn nye prosjekt, rekruttere forfattarar og etablere ein struktur for kontinuerleg idéutvikling. Vedkommande må derfor forstå marknaden og utviklinga i lese- og kjøpevanane til folk.
Det er venta at forlagssjefen gjennom leiargruppa deltek aktivt i den langsiktige utviklinga av forlaget, med særskilt ansvar for den redaksjonelle utviklinga.
Gro Møllerstad,Seniorrådgiver,+47 91559752,gro.mollerstad@habberstad.no
Mariboes gate 13
0183Oslo
Arbeidsgiver: Privat sektor
Referansenr.: 5191055726
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2026