A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Samlaget søker ein erfaren forlagssjef som kan leie redaksjonen og utvikle litterære prosjekt i Nynorsk-tradisjon. Du har solid bakgrunn frå tekstarbeid, brei forlagskunnskap og eit brennande engasjement for nynorsk språk. Stillinga krev leiarerfaring og evne til å rekruttere forfattarar, samt bygging av nettverk.
Du blir del av leiarlaget og har personalansvar for tolv tilsette, budsjett- og resultatansvar, og ansvar for redaksjonell utvikling. Arbeidsplassen er i Oslo.
Vi jaktar på ny forlagssjef til Samlaget. Dette er ei stilling som krev solid erfaring med tekstarbeid, brei kunnskap om forleggjarfaget og eit brennande engasjement for nynorsk språk.
Vi ser etter ein god generalist på forleggjarfeltet, som er van med å balansere «børs og katedral». Stillinga krev eit marknadsorientert blikk og forretningsteft, og samstundes må forlagssjefen ha vilje og evne til å jobbe tett med nokre av landets fremste forfattarar med fokus på det litterære. Vedkommande må vere glad i å bruke og utvikle nettverket for å hente inn prosjekt og rekruttere forfattarar.
Forlagssjefen er leiar for redaksjonen med ansvar for det redaksjonelle arbeidet og har personalansvar for tolv tilsette i avdelinga. Stillinga har budsjett- og resultatansvar for redaksjonen, og forlagssjefen står for den daglege leiinga av avdelinga. Stillinga rapporterer til forlagsdirektøren og inngår i leiargruppa.
Den viktigaste oppgåva til forlagssjefen blir å hente inn nye prosjekt, rekruttere forfattarar og etablere ein struktur for kontinuerleg idéutvikling. Vedkommande må derfor forstå marknaden og utviklinga i lese- og kjøpevanane til folk.
Det er venta at forlagssjefen gjennom leiargruppa deltek aktivt i den langsiktige utviklinga av forlaget, med særskilt ansvar for den redaksjonelle utviklinga.