A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjellstyra på Hardangervidda AS søkjer fjelloppsyn i Ullensvang kommune. Stillinga krev ansvar for dagleg drift, sakshandsaming og service til brukarar av statsallmenningen. Feltarbeid og naturfaglege registreringar inngår i arbeidsoppgåvene.
Tilstillingsinnhaldet krev høgare utdanning innan utmarks- eller naturforvaltning og erfaring frå offentleg sakshandsaming eller naturoppsyn. Attn menjande krav til bil- og førarkort kan vere aktuelt.
Fjellstyra på Hardangervidda AS er heileigd av dei 6 fjellstyra på Hardangervidda og Hardangervidda Grunneigarsamskipnad. Selskapet har arbeidsgjevaransvaret for våre fjelloppsyn. Dei tilsette står for dagleg drift av fjellstyrekontor, skjøtselsoppgåver, naturfaglege registreringar, informasjonsarbeid samt oppsyn med miljølovverka. Det blir utført arbeid på oppdrag frå Statens naturoppsyn og fleire forvaltnings- og forskingsinstitusjonar. Den operative verksemda ber namnet Hardangervidda Fjelloppsyn.
Ynskjer du ei spanande stilling knytta til variert arbeid i fjellet? Fjellstyra på Hardangervidda as har ledig fast heil stilling med tittel fjelloppsyn. Stillinga er plassert i Ullensvang kommune.
Andre oppgåver kan kome i tillegg. Arbeidsoppgåver blir tillagt gjennom heile året med høgsesong sommar og haust. Feltarbeidet vil i hovudsak føregå på Hardangervidda, men oppgåver kan også kome i tilgrensande områder. Stillinga rapporterer til dagleg leiar for FH as. Dagleg drift av Ullensvang og Røldal fjellstyre inneber drift, økonomi, salsarbeid, saksutgreiing og framlegging av saker for fjellstyra, herunder oppfølging av fjellstyrevedtak og evt andre føringar gjeve av fjellstyra. I det daglege har stillinga jamnleg kontakt med leiarane i dei to fjellstyra.
Personleg eignaheit blir tillagt vekt. Kompetanse og/eller erfaring innan sakshandsaming vert tillagt vekt. Det er ein føresetnad at søkjaren kan tildelast begrensa politimyndigheit.
Kontorstad er for tida i Kinsarvik, Ullensvang kommune. Kontorstad kan verta endra. Me ynskjer at arbeidstakaren er busett i Ullensvang kommune, evt. dei nærliggjande kommunane Eidfjord eller Ulvik.
Fjellstyret har tariffesta ei eiga kompensasjonsordning for bruk av eigen bil i tenesta. Det er ein fordel om du har høve til å nytte eigen bil i tenesta.
Me ber om at søkjar opplyser om ein har gjennomført kurs i naturoppsyn. Ein ber vidare om at det går fram om ein har erfaring med snøskuterkøyring. Det er ynskjeleg at arbeidstakaren har førarrett for klasse S (snøskuter) og BE (personbil med hengjar). Det er ynskjeleg at arbeidstakaren har båtførarbevis (gjeld for søkjarar fødd etter 01.01.1980).
Merk at namnet på ein søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at namnet blir unntatt offentlegheit. Ønskje om unntatt offentlegheit må grunngjevast i søknaden jf.offentlegheitslova § 25, andre ledd. Du vil bli varsla dersom ønsket ikkje kan etterkomast.
Spørsmål om stillinga rettar du til dagleg leiar Ole Rune Røkenes,
Søknadsfrist: 23.11.2026