A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vanylven kommune søker ferievikarar i sommarturnus mellom veke 24 og 32, frå 14. juni til 15. august. Vi tilbyr inntil 100% stilling i eit triveleg arbeidsmiljø med moglegheit for erfaringslæring og utvikling.
Arbeidet omfattar heimetenesta og avlastning, og vi søker kandidat som er løysningsfokusert, lærevillig og kan arbeide heile perioden eller delperiodar. Kjøretillatelse klasse B er krav, og nødvendige politiattester vert levert ved tilsetting.
Vanylven helse og omsorg inviterer DEG til å søkje som ferievikar!
Vi kan tilby inntil 100% stilling mellom veke 24-32, frå 14. Juni - 15. August.
Kunne du tenkje deg ein meiningsfull sommarjobb i eit trivelig arbeidsmiljø med moglegheit for erfaringslæring og utvikling?
Då må du søkje som ferievikar hos oss!
Arbeidet vert organisert i eigen ferieturnus, der arbeidstid blir snittberekna på turnus perioden. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Skriv kva arbeidstad du kunne tenkje deg å jobbe. Dumåogså informere om du kan arbeide heile perioden eller eventuelt kva periode du er tilgjengeleg. Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med den enkelte avdelingsleiar.
Vi ser etter kokk, kjøkkenassistent, reinhaldarar, aktivitørar, pleieassistent, helsefagarbeidar, hjelpepleiar, sjukepleiar, vernepleier, andre med sosialfagleg utdanning og studentar.
Ufaglært og ungdom født 2011 eller tidlegare, med interesse for å arbeide innan områda vert også oppmoda om å søkje.
For å arbeide i heimetenesta må du ha førerkort klasse B.
Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetting
Avdelingsleiar aktivisering og meistring
Avdelingsleiar avlastninga og BPA i privat bustad
Avdelingsleiar bu og avlastning - utsikten
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!