Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søker ferievikarer til radiologiavdelingen. Som radiografstudent eller nyutdannet får du bidra i CT og generell radiologi ved Ålesund sjukehus og BDS i Møre og Romsdal.
Du må ha norsk autorisasjon som radiograf og kunne beherske norsk skriftleg og munnleg. Søknadsfrist er 31.01.2027, og oppstart i veke 24 t.o.m. veke 34. Opplæring kan vere ein til to veker.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Avdeling for radiologi Ålesund og Volda omfattar røntgenseksjonen ved Ålesund sjukehus, brystdiagnostisk senter (BDS) i Møre og Romsdal og nukleærmedisin og røntgenseksjonen ved Volda sjukehus. Avdelinga utfører årleg ca. 100 000 undersøkingar. BDS er då ikkje medregna.
Seksjon for CT og generell radiologi Ålesund og seksjon for PET og Nukleærmedisin har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34.
Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
For meir informasjon om vår region, sjå her .