Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Møre og Romsdal HF søkjer ferievikarar til radiologiavdelinga i Ålesund og Volda. Avdelinga utfør ca. 100 000 undersøkingar årlig, og som ferievikar vil du bidra til pasienttilbodet i sommarperioden.
Tilsette vert fordelt etter klinikken sitt behov, og søkjar bør oppgje kva tid i perioden dei kan arbeide. Det kan vere ein til to veker opplæring før ferieperioden. Attestar og vitnemål lastast opp som vedlegg til CV-en.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Avdeling for radiologi Ålesund og Volda omfattar røntgenseksjonen ved Ålesund sjukehus, brystdiagnostisk senter (BDS) i Møre og Romsdal og nukleærmedisin og røntgenseksjonen ved Volda sjukehus. Avdelinga utfører årleg ca. 100 000 undersøkingar. BDS er då ikkje medregna.
Radiologi Volda har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 35.
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide.Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.Vi ber om attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
For meir informasjon om vår region, sjå her .
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlegespesialisthelsetenestai Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere"På lag med deg for helsa di."Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber i deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest.Vi ønskjer ikkjekontakt medannonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no