Enable job alerts via email!

Fastlege i Måløy

Arbeidsplassen

Måløy

On-site

NOK 400,000 - 600,000

Full time

30+ days ago

Generate a tailored resume in minutes

Land an interview and earn more. Learn more

Job summary

En kommune i Vestland søker fastleger for Måløy legesenter. Du vil delta i legevakt og ha mulighet for veiledning av spesialister. Stillingen krever god kjennskap til helsevesenet, fleksibilitet, og evne til å jobbe i team. Arbeidsmiljøet er godt tilrettelagt for læring og utvikling.

Benefits

Økonomisk kompensasjon for sykdom
Mulighet for kursdekning

Qualifications

  • Erfaring fra kommunehelsetjenesten er en fordel.
  • Personlige egenskaper er viktige.

Responsibilities

  • Delta i interkommunal legevakt.
  • Jobbe selvstendig og i team.

Skills

God kjennskap til norsk helsevesen
Erfaring fra arbeid som fastlege
Fleksibilitet
Job description

Kinn kommune har ledig fleire fastlegeheimlar som sjølvstendig næringsdrivande ved Måløy legesenter. Heimlane er ledig for snarleg oppstart. Søknadsfrist: Snarast.

Legekontoret har eit fagleg sterkt kollegium med totalt 9 faste heimlar og ein LIS1 knytt til kontoret. Alle fastlegane har ein forsterka 8:2 avtale. Alderssammensetninga blant legane på kontoret er mellom 30 - 60 år. Det er tre legar som er spesialistar i allmennmedisin, dei andre er under spesialisering (ALIS). Du vil få rettleiing av spesialist på kontoret. Det er eit godt arbeidsmiljø og tilrettelagt for læring. Det er ei samansett pasientpopulasjon og varierte arbeidsoppgåver. Listestorleik på fastlegelistene er 800 pasientar. I ein oppstartsfase kan det for legar i starten av spesialiseringa avtalast redusert listelengde ei periode.

Kontoret har tilsett legar og hjelpepersonell med lang erfaring og faglig kompetanse. Hjelpepersonell i kontoret er kommunalt tilsett.

Kontoret nyttar Infodoc EPJ og Credicare betalingssystem.

Legekontoret er godt etablert i lyse og fine lokaler sentralt i rådhuset i Måløy. Tal innbyggjarar som bur i Kinn kommune er ca 17200. Av desse er det om lag 5500 som bur i Måløy og omegn og som soknar til dette legekontoret. På rådhuset finn du også helsestasjon, barnevern, NAV, administrasjon og servicekontor.

Fastlegeheimel/Arbeidsoppgåver
  • Både spesialistar og ALIS kandidatar vert oppfordra til å søke
  • For legevakt på kveld, helg og natt er det etablert interkommunal legevakt, Nordfjord legevakt som ligg til Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid (ca 45 min kjøretur frå Måløy).
  • Vaktbelastninga er i underkant av 3 vakter pr månad, fastlønn.

Nordfjord legevakt har 5 kommunale ØDH/obs-senger som er samlokalisert og knytt til legevakta. Vaktbelastning med eit gjennomsnitt på om lag 3 vakter per måned med vaktlengde på maksimalt 9 timar. Arbeidet er fastløna. Legevakta er alltid bemanna med 2 sjukepleiarar i 3-delt vakt.

Kvalifikasjonar
  • God kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå arbeid som fastlege/øvrige delar i kommunehelsetenesten vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Personleg eigenskapar er viktig og vil verte vektlagt
  • Sjølvstendig, fleksibel og engasjert
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta både sjølvstendig og i felleskap
  • Bidrar til positivt arbeidsmiljø
  • Kontinuerleg supervisjon av legar med brei erfaring
  • Det er tilrettelagt for arbeid frå heimen
  • Ein framtidsretta arbeidsplass i utvikling

Driftsavtalen med kommunen er ein null-avtale der kommunen driftar praksis (kontorlokale, utstyr og hjelpepersonale 5,6 årsverk) i byte mot per capita tilskotet. Lønn for offentlig arbeid etter lokal særavtale.

For spesialistar vil du få økonomisk kompensasjon for inntil 8 dagar med eigen sjukdom eller sjuktbarn. Spesialistar kan også søke om å få dekka utgiftar til kurs.

Gate 1 64
6700 Måløy

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.419 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop a PDF, DOC, DOCX, ODT, or PAGES file up to 5MB.