Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Stad kommune i Nordfjordeid søker engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar ved avdelingane Elvebøen og Myroldhaug. Miljøtenesta gir tenester til personar som treng oppfølging og bistand i kvardagen, og målet er tryggleik, meistring og sjølvstende. Det er 2 x 20 % stillingar med langvakt kvar 4.
helg. Kvalifikasjonar: elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag; god norsk skriftleg/munnleg framstillingsevne.
Miljøtenesta i Stad kommune søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar ved avdelingane Elvebøen og Myroldhaug på Nordfjordeid og Miljøtenesta Ytre.
Miljøtenesta gir tenester til personar med ulike behov for oppfølging, rettleiing og bistand i kvardagen. Målet vårt er å bidra til tryggleik, meistring, sjølvstende og gode kvardagar for den enkelte.
Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb der du kan utgjere ein forskjell i kvardagen til andre menneske. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med varierte oppgåver, gode kollegaer og høve til å utvikle deg både fagleg og personleg.
Avdeling Myroldhaug har ledig:
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.