Fast stilling som rådgivar

Ida Tobro

Oslo fylke

On-site

NOK 620,000 - 730,000

Full time

7 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Lønnsramme 620 000–730 000 NOK per år
SPK pensjon

Job summary

Ida Tobro i KUD søkjer ein engasjert rådgivar til dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen. Rollen kombinerer informasjonsforvalting med systemforvalting, rådgiving og utviklingsarbeid, og du må bidra til å vidareutvikle digitale arbeidsprosessar.

Departementet står framfor overføring til DIO frå våren 2027, og tilsetjinga må vere førebudd på overgang. Du vil få ei viktig rolle i å sikre trygg og effektiv forvalting av informasjon.

Qualifications

  • Minimum bachelorgrad eller høyere utdanning.
  • Minst 2 års relevant arbeidserfaring.
  • God forståing for informasjons- og dokumentforvalting og relevant lovverk.
  • Erfaring med tilgangsstyring og rolleforvalting.
  • God digital kompetanse og interesse for teknologiutvikling.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Responsibilities

  • Forvalte og vidareutvikle departementet sitt saks- og arkivsystem ACOS WebSak.
  • Administrere roller, rettar og tilgangsstyring i tråd med behov og regelverk.
  • Bidra til systemforvalting som oppsett, integrasjonar og test- og kvalitetsarbeid.
  • Delta i utviklings- og forbetringsarbeid innanfor informasjons- og dokumentasjonsforvalting.
  • Samarbeide med andre departement, DIO og eksterne leverandørar.
  • Bidra til at regelverket blir etterlevd i samband med arkiv-, informasjons- og dokumentasjonsforvaltinga.
  • Utføre saksbehandling og rettleiing innanfor fagområdet.
  • Gi brukarstøtte, rettleiing og opplæring.

Skills

Informasjonsforvalting
Dokumentforvalting
Digital kompetanse
God norsk framstillingsevne

Education

Bachelorgrad
Relevant høyere utdanning

Tools

ACOS WebSak
Noark-baserte løsningar
SharePoint/Teams/Microsoft 365

Job description

Om stillinga

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rådgivar til dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen i administrasjonsavdelinga. Forvaltingsseksjonen har ansvar for sikkerheit og beredskap, informasjonsforvalting og utvikling og drift av departementet si arkiv- og dokumentforvalting. I tillegg koordinerer seksjonen departementet sitt arbeid med digitalisering og teknologiutvikling.

Vi søkjer ein medarbeidar som vil bidra til at departementet sin informasjon blir forvalta sikkert, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk. Stillinga kombinerer oppgåver innanfor informasjons- og dokumentasjonsforvalting med systemforvalting, rådgiving og utviklingsarbeid. Du vil få ei viktig rolle i arbeidet med å vidareutvikle digitale arbeidsprosessar og bidra til å ta i bruk nye teknologiske løysingar på ein trygg og hensiktsmessig måte.

Departementsfellesskapet står framfor større organisatoriske endringar. Frå våren 2027 skal fagområdet informasjonsforvalting overførast til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) frå KUD. Stillinga er knytt til oppgåver som skal overførast, og den som blir tilsett, må derfor pårekne overgang til DIO.


Arbeidsoppgåver

Du vil mellom anna

  • forvalte og vidareutvikle departementet sitt saks- og arkivsystem ACOS WebSak
  • administrere roller, rettar og tilgangsstyring i tråd med verksemda sine behov og gjeldande krav
  • bidra til systemforvalting som systemoppsett, integrasjonar og test- og kvalitetsarbeid
  • delta i utviklings- og forbetringsarbeid innanfor informasjons- og dokumentasjonsforvalting
  • samarbeide med andre departement, DIO og eksterne leverandørar
  • bidra til at regelverket blir etterlevd i samband med arkiv-, informasjons- og dokumentasjonsforvaltinga
  • utføre saksbehandling og rettleiing innanfor fagområdet
  • gi brukarstøtte, rettleiing og opplæring

Andre oppgåver kan bli overførte til rolla.


Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelorgrad. Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
  • minimum 2 års relevant arbeidserfaring
  • god forståing for informasjons- og dokumentasjonsforvalting og relevant lov- og regelverk
  • erfaring med tilgangsstyring og rolleforvalting
  • god digital kompetanse og interesse for teknologiutvikling
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Det er ein fordel om du har

  • erfaring med ACOS WebSak eller andre Noark-baserte løysingar
  • erfaring med SharePoint, Teams og andre løysingar i Microsoft 365-plattforma
  • erfaring med administrasjon av brukaridentitetar, roller og tilgangar i større organisasjonar
  • forståing for samanhengen mellom identitetsforvalting, tilgangsstyring, informasjonssikkerheit og dokumentasjonsforvalting
  • erfaring med systemforvalting, integrasjonar og digital utvikling

Visøkjerdegsom

  • samarbeider godt og bygger gode relasjonar
  • arbeider strukturert og målretta
  • tek initiativ og gjennomfører oppgåver sjølvstendig
  • har evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
  • er utviklingsorientert og ser moglegheiter for forbetring og effektivisering
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna

Om du har fullført høgare utdanning utenfor Noreg, må utdanninga vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.

Vi brukerbakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjendbakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.

Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.


Vi tilbyr
  • innplassering som 1436 rådgivar med ei brutto årslønn på 620 000 til 730 000 kroner
  • medlemskap i Statens pensjonskasse(SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi mener at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen .

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Offentleg søkarliste og kontakt

Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak fra den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med kontorsjef Ida Tobro på e-pos: ida.tobro@kud.dep.no


Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Fast stilling som førstekonsulent i dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen
Fast stilling som førstekonsulent i dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen

Ida Tobro • Oslo fylke

On-site
NOK 580,000 - 650,000
SPK pensjon
1408 førstekonsulent innplassering
Fast stilling som rådgivar
Fast stilling som rådgivar

Kultur- og likestillingsdepartementet • Oslo fylke

On-site
NOK 620,000 - 730,000
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Fast lønsinnplassering 620 000–730 000
Fast stilling som førstekonsulent i dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen
Fast stilling som førstekonsulent i dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen

Kultur- og likestillingsdepartementet • Oslo fylke

On-site
NOK 580,000 - 650,000
Statens pensjonskasse (SPK)
Senior kommunikasjonsrådgiver
Senior kommunikasjonsrådgiver

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) • Oslo fylke

On-site
NOK 750,000 - 900,000
Fleksibel arbeidstid
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Gode forsikringsordninger
+1
Seniorrådgiver/fagdirektør - Investeringsprosjekter
Seniorrådgiver/fagdirektør - Investeringsprosjekter

Justis- og beredskapsdepartementet • Oslo fylke

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
Pensjonsordning
Rådgiver - Seksjon for infrastruktur og mangfold
Rådgiver - Seksjon for infrastruktur og mangfold

Guri Langmyr Iochev • Oslo fylke

On-site
NOK 620,000 - 760,000
Fleksibel arbeidstid
Kompetanseutvikling
Pensjonsordning
+1
Rådgiver IDEA
Rådgiver IDEA

Michelle Storakeren • Oslo fylke

On-site
NOK 670,000 - 740,000
Fleksitid
Sommertid mellom mai og september
Gode pensjonsordninger
Saksbehandlere i Klareringsdirektoratet
Saksbehandlere i Klareringsdirektoratet

Knut Elvatun • Moss

On-site
NOK 625,000 - 750,000
Et hyggelig arbeidsmiljø
Fleksibel arbeidstid
Felles kantine
+2
Rådgiver/seniorrådgiver brukerstøtte
Rådgiver/seniorrådgiver brukerstøtte

Sofie Michelle Berg Swainsbury • Oslo

On-site
NOK 580,000 - 670,000
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjonsordninger
Ekstra fridager i jul
+1
Seniorkonsulent - regnskap
Seniorkonsulent - regnskap

Universitetet I Oslo • Oslo fylke

On-site
NOK 590,000 - 680,000
Spennende arbeidsoppgaver i samfunnsny
Engasjerte kollegaer i godt arbeidsmil
Gode velferdsordninger
+3
Top locations