
Enable job alerts via email!
Generate a tailored resume in minutes
Land an interview and earn more. Learn more
En offentlig kommune søker helsefagarbeider for hjemmetjeneste og sykehjem. Du vil spille en nøkkelrolle i pasientpleie med fokus på individuell hjelp. Kvalifisert utdanning og evnen til å jobbe turnus er nødvendig. Gode muligheter for faglig utvikling og opplæring tilbys.
Hareid kommune, Eining for heimetenester
Sektor for velferd er i omstilling og utvikling for å imøtekome behova for helsetenester i framtida. Vi vil ha behov for dyktige helsefagarbeidarar i heimeteneste og sjukeheim. Antall stillingar er ikkje avklart. Søknadsfristen er 28.11.25 og kvalifiserte søkjarar vert vurderte fortløpande.
Som helsefagarbeidar hos oss har du ein nøkkelrolle i å sikre tryggheit, god pleie og medisinsk oppfølging for pasientar i avdeling og heimebuande brukarar. Du følgjer opp individuelle behov, gir bistand i daglege gjeremål, utfører helsefaglege prosedyrar og handterer medikamenta etter delegasjon. Vi legg stor vekt på tett samarbeid med sjukepleiar, kollegaer og pårørande for å sikre heilskapleg og koordinert omsorg. Hos oss får du faglege utfordringar, eit inkluderande arbeidsmiljø og ein arbeidskvardag der du verkeleg utgjer ein forskjell. Du vil få god opplæring og oppfølging ved oppstart, og bli ein del av eit erfarent team som verdset samarbeid, fleksibilitet og fagleg utvikling.
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
Det er krav om politiattest av ny dato.
I sektor for velferd ønskjer vi oss medarbeidarar som er:
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral ved tilsetting.
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3 , eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju etter nærare avtale.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Teigevegen 55
6060 Hareid
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjend av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.