Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Barne- og familiehjelpa ved Voss herad leiter etter ein engasjert familieterapeut som kan styrkje hjelpetilbod til familiar i utfordrande livssituasjonar. Stillinga gir høve til tett arbeid med barn, ungdom og familiar, og deltaking i fagutvikling og tidleg innsats i regionen.
Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for å skape gode oppvekstvilkår i Voss kommune. Godkjenning av politiattest inngår i tilsetjinga.
Barne- og Familiehjelpa har fått prosjektmidlar frå Statsforvaltaren, og søkjer no ein engasjert familieterapeut til ei spennande stilling. Gjennom denne satsinga ønskjer me å videreutvikle og styrkje hjelpetilbodet til familiar som opplever krevjande livssituasjonar og relasjonelle utfordringar. Hos oss får du høve til å arbeide tett på barn, ungdom og familiar, vere med på fagutvikling og bidra til tidleg innsats der det verkeleg betyr noko. Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for å skape gode oppvekstvilkår i Voss herad.
Barne- og familiehjelpa - Voss herad
Det er ein fordel dersom du har erfaring frå metodar som:
Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Anna språkkompetanse er eit pluss.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt på.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.