Psykologspesialist/psykolog - 50 % fast

Monika Høyer Haugland

Bergen

Hybride

NOK 690 000 - 950 000

Plein temps

Il y a 6 jours
Soyez parmi les premiers à postuler

Une candidature complète en une minute

Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.

Passez les filtres ATS

Avantages offerts par ce poste

Fleksibel arbeidstid
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Inkluderande fagmiljø

Résumé du poste

Senter for foreldre og barn i region vest søker psykologspesialist i 50% stilling. Stillinga er primært tilknytt avdelinga i Førde, og Bergen kan vere aktuell som kontorstad med jamlege reiser til Førde.

Arbeidsoppgåvene omfattar utgreiing, rettleiing og tiltak for barn frå 0–6 år, i eit tverrfagleg miljø der barnet står i fokus. Du vil bidra til utveckling og kvalitet i arbeidet ved senteret.

Qualifications

  • Autorisert psykolog med spesialisering i klinisk barne- og ungdomspsykologi
  • Erfaring med utgreiing og rettleiing
  • Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg

Responsabilités

  • Utføre utgreiing og rettleiing i barnevernsfagleg arbeid.
  • Være pådrivar for høg fagleg kvalitet og utvikling.
  • Samarbeide tverrfagleg med andre psykologar i eininga.
  • Rettleiing av kollegaer i eininga.
  • Bistå med fagleg kompetanse til senteret og samarbeidspartnarar.
  • Involvering i kartlegging og vurdering av omsorgssituasjon.
  • Arbeide med utvikling av standardiserte forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen.
  • Skape eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.

Connaissances

Kommunikasjonsferdigheter
Samarbeid
Kunnskap om barnevern
Norsk, skriftlig og muntlig

Formation

Autorisert psykolog med spesialistutdanning

Description du poste

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Senter for foreldre og barn, region vest, har vi ledig fast stilling som psykologspesialist i 50% stilling.

Stillinga er i første rekke knytt til avdelinga i Førde. Det kan vere aktuelt å ha kontorstad i Bergen, der ein vil få høve til å inngå i eit fagleg psykologfellesskap. Samstundes må ein rekne med jamlege reiser til avdelinga i Førde.

Ved Senter for foreldre og barn jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjoner og jobbar med kartlegging, samspelsobservasjonar, rettleiing og behandling. Alltid med barnet sitt perspektiv og behov som kompass.

Senter for foreldre og barn, region vest, har avdelingar plassert i Førde, Bergen og Stavanger. Målgruppa vår er barn frå 0-6 år, der dei yngste i aldersgruppa 0-2 år vert prioritert.

Kjerneoppgåva vår er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2 og 2-3. Senteret kan ved ledig kapasitet tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheitar og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn.

Senteret jobbar både heimebasert, poliklinisk og døgnbasert. Det er eit tverrfagleg miljø med psykolog, fagkonsulentar og nattevakter. Vi ynskjer eit miljø der vi arbeider saman og vil kvarandre vel. Vi er opptatt av kunnskapsdeling og arbeider aktivt for å utvikle kompetansen vår i eit positivt, støttande og inkluderande miljø.

Arbeidsoppgåver

Dette får du jobbe med hos oss:

  • Bistå i utgreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§ 2-2, 2-3 og 3-1.
  • Bistå i utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen; foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel.
  • Utøve oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn.
  • Kvalitetssikring av utgreiingsarbeid og kartleggingsverktøy.
  • Utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid.
  • Bistå med fagleg kompetanse til senteret sine tilsette og våre samarbeidspartar.
  • Vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling hjå oss.
  • Rettleiing av kolleger i eininga.
  • Samarbeid på tvers med andre psykologar i eininga.
  • Bistå andre senter i eininga ved behov.
Kva bakgrunn har du?

Må-krav:

  • Autorisert psykolog med godkjend spesialistutdanning, primært innan innan klinisk barne- og ungdomspsykologi, familiepsykologi, samfunnspsykologi, men klinisk vaksen vil også være aktuelt. Autorisert psykolog kan vurderast, men det er då ønskjeleg med påbegynt spesialisering innanfor relevant fagområde.
  • Erfaring med utgreiing og rettleiing.
  • Erfaring med vurdering av foreldrefungering og arbeid med familiar i risikosituasjonar.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter og ei trygg rolleutøving.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Gode digitale ferdigheiter og forståing.
  • Førarkort personbil.

Bør-krav:

  • Sertifisering/ferdigheiter i relevante metodar i barnevernsfagleg arbeid.
  • Psykologfagleg erfaring knytt til utgreiingsarbeid og tiltaksarbeid med sped- og små barn.
  • Undervisningserfaring.
  • Har ei allsidig og brei erfaring, og samtidig eit særskilt engasjement for dei minste barna.
Personlege eigenskapar
  • Vi ser etter deg som har lyst til å bringe psykologfaget tydelegare inn i barnevernsarbeidet. Du tilfører nye perspektiv og idear inn i teamet og kan utfordre etablert praksis.
  • Du er lærevillig òg nysgjerrig og villig til å utvikle deg saman med resten av teamet.
  • Du har erfaring frå arbeid med dei minste borna og foreldra deira, og du trivst i skjæringspunktet mellom kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing.
  • Du organiserer arbeidsdagen din, tar ansvar og bidrar til et godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt.
  • Du er typen som både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar - og som toler at ingen dagar er heilt like.
Kva får du hos oss?
  • Stillinga som psykolog/psykologspesialist er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 690.000 - 750.000 pr. år, stillingskode 0795 spesialpsykolog, p.t. kr. 750.000 - 850.000 pr. år eller stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 850.000 - 950.000 pr. år.
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan bli vurdert ved særskild kompetanse.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

Elles kan vi tilby:

  • Ein meiningsfull jobb med stor betydning for barn og familiar.
  • Eit inkluderande og engasjert fagmiljø med høg kompetanse.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing.
  • Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende.
  • Fleksibel arbeidstid og høve til å trene i arbeidstida.
  • Moglegheita til å vere med og forme framtidas tilbod til små barn og familiar.
Opplysningar til deg som søkjar
  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Senter for foreldre og barn, region vest, avdeling Førde.
  • Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Obtenez votre examen gratuit et confidentiel de votre CV.

ou faites glisser et déposez votre fichier ici.

Similar jobs

Postes similaires à comparer

Psykologspesialist/psykolog - 50 % fast
Psykologspesialist/psykolog - 50 % fast

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Førde

Sur place
NOK 690 000 - 950 000
Psykologspesialist/psykolog - 50 % fast
Psykologspesialist/psykolog - 50 % fast

Bufetat • Førde, Bergen

Sur place
NOK 690 000 - 950 000
Vekt på kompetanseutvikling
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjonsordningar
Fagkonsulent
Fagkonsulent

Monika Høyer Haugland • Førde

Sur place
NOK 520 000 - 690 000
Miljøterapeut 23%
Miljøterapeut 23%

Solfrid Keilegavlen Aasen • Bergen

Sur place
NOK 490 000 - 640 000
Utreder- og familieveileder
Utreder- og familieveileder

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Arendal

Sur place
NOK 544 000 - 750 000
Godt faglig miljø
Veiledning i team
Tjenestebil
+1
Familieutreder i turnus, fast stilling
Familieutreder i turnus, fast stilling

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Gjøvik

Sur place
NOK 500 000 - 740 000
Pensionsordning i Statens pensjonskass
Familieutreder i turnus, fast stilling
Familieutreder i turnus, fast stilling

Bente Hage • Gjøvik

Sur place
NOK 500 000 - 650 000
Statlig pensjonsordning
Familieterapeut
Familieterapeut

Anne Lise Skeide Edvardsen • Tønsberg

Sur place
NOK 549 000 - 719 000
Kvilande nattevakt
Kvilande nattevakt

Bufetat • Bergen

Sur place
NOK 490 000 - 640 000
Miljøterapeut 23%
Miljøterapeut 23%

Bufetat • Bergen

Sur place
NOK 490 000 - 640 000