A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Dreisen Vaksdal KF søker ein fagansvarleg for tilrettelagt arbeid som kan kombinere fagleg arbeid med praktisk arbeid ute i arbeidskvardagen. Du vil ha ansvaret for inntak, kartlegging, oppfølging og veiledning av arbeidsveiledarar, og rolla krev god evne til å skape meistring og utvikling i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Du må trivast med å kombinere teoretisk arbeid med hands-on praksis, og vere ein god rollemodell i lag med dagleg leiar og kvalitetsansvarleg.
Dreisen Vaksdal KF er ein arbeidsinkluderingsbedrift og tiltaksarrangør med tilrettelagde arbeidsplassar for personar som treng støtte for å koma i arbeid eller aktivitet. Føretaket har i dag 10 tiltaksplassar, og tilbyr arbeidsoppgåver innen ulike fagområde. Målet vårt er å skapa meistring, utvikling og arbeidsglede gjennom tilpassa opplæring og tett oppfølging.
Vi er ein sentral samfunnsaktør i Vaksdal kommune, og arbeider etter verdiane våre: Meistring, utvikling og vekst. Drifta er sertifisert etter kvalitetsstandarden ISO 9001:2015, og vi er stolte av å levera tenester med høg fagleg kvalitet. Les meir om oss på www.dreisen.no
Dreisen søker no etter ny fagansvarlig for tilrettelagt arbeid med ansvar for å sikre arbeidsinkluderingsfaget. Du får operativt ansvar for inntak, kartlegging, oppfølging og veiledning av arbeidsveiledarar. Du må trivast med å kombinere fagleg arbeid med praktisk arbeid ute i arbeidskvardagen.