Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ørsta vidaregåande skule lyser ut ein faglærar i helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeid. Stillinga omfattar undervisning i vg1 helse- og oppvekstfag og vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag, og krever utdanning og nyare praksis frå barnehagefeltet. Skulen prioriterer kompetanse innan spesialpedagogikk og fleirspråklege elevar.
Stillinga er 100% og er knytt til eit sterkt fagmiljø. Du vil verte ein spydspiss i utdanninga og vere pådrivar for pedagogisk utvikling og samarbeid med lokalt
Helse og oppvekst [helse_og_oppv], Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta]
Holmegata 14, 6153 Ørsta
Stillingstittel Faglærar helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeid
Stillinga er primært knytt til undervisning innen vg2 barne og ungdomsarbeidarfag og vg1 helse- og oppvekstfag, og gjeldande læreplanar her. Avdelinga er spesielt ute etter kompetanse innan barnehagefeltet, og den som vert tilsett må ha utdanning og relevant nyare praksis og erfaring innanfor dette feltet. Dersom ein i tillegg har kompetanse og/eller erfaring innanfor spesialpedagogikk eller arbeid med fleirspråklege barn eller elevar, er dette også aktuelt. Skulen har eit sterkt og godt fagmiljø innen helse og oppvekst. Å legge til rette for praksisnær undervisning og tverrfagleg samarbeid er viktig for oss som yrkesfagleg skule. Den som blir tilsett vil verte ein "spydspiss" innenfor utdanning av barne- og ungdomsarbeidarar, og vere ein pådrivar i den pedagogiske utviklinga av dette fagområdet. Dette inneber også utstrakt samarbeid med andre, både internt og eksternt mot aktuelt arbeidsliv og andre samarbeidspartar. Kjennskap til praksisfeltet i lokalområdet vil derfor vere ein fordel.
Ørsta videregåande skule har no ledig 100% faglærarstilling innen helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeidsfag. Stillinga er knytt til både vg1 helse- og oppvekstfag og vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag. Det kan også bli aktuelt med undervisning på vaksenopplæringa ved ressurssenteret vårt.
Stillinga er primært knytt til undervisning innen vg2 barne og ungdomsarbeidarfag og vg1 helse- og oppvekstfag, og gjeldande læreplanar her. Avdelinga er spesielt ute etter kompetanse innan barnehagefeltet, og den som vert tilsett må ha utdanning og relevant nyare praksis og erfaring innanfor dette feltet. Dersom ein i tillegg har kompetanse og/eller erfaring innanfor spesialpedagogikk eller arbeid med fleirspråklege barn eller elevar, er dette også aktuelt. Skulen har eit sterkt og godt fagmiljø innen helse og oppvekst. Å legge til rette for praksisnær undervisning og tverrfagleg samarbeid er viktig for oss som yrkesfagleg skule. Den som blir tilsett vil verte ein "spydspiss" innenfor utdanning av barne- og ungdomsarbeidarar, og vere ein pådrivar i den pedagogiske utviklinga av dette fagområdet. Dette inneber også utstrakt samarbeid med andre, både internt og eksternt mot aktuelt arbeidsliv og andre samarbeidspartar. Kjennskap til praksisfeltet i lokalområdet vil derfor vere ein fordel.
Som del av arbeidet vil du også kunne få oppgaver som å vere kontaktlærar, og det kan også vere aktuelt at ein tek ansvar for ekstra tilrettelegging for elevar med behov for individuelt tilrettelagt opplæring.
Vi søker deg som har barnehagefagleg utdanning på høgskulenivå. Variert og nyare erfaring frå fagfeltet blir vektlagt. For den som blir tilsett vil det bli stilt krav om å ha eller fullføre pedagogisk utdanning (PPU-Y eller tilsvarande).
Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengelig, sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar. Du må ha gode relasjonsferdigheiter, og høge ambisjonar på vegne av elevane. Du må trivast saman med ungdom og vere ein trygg og tydelig vaksen som framstår som ein god rollemodell for framtidige fagarbeidarar. Du må vere ein tydelig leiar i klasserommet som evnar å bygge gode og trygge læringsmiljø, i relasjon lærar - elev og elevane i mellom.
Som kollega ved Ørsta vidaregåande skule vil du verte del av eit arbeidsfellesskap med stor og komplementær kompetanse innen fagleg- pedagogisk arbeid, og som du får dra nytte av i eiga utvikling som lærar.
Anne Marit Bae,Avdelingsleiar HO,48126285
Bjørnar Sæterås,Rektor,+47 47344491
Holmegata 14
6153Ørsta
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5200897098
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Bli med å utvikle regionen saman med oss!