Faglærar helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeid

Bjørnar Sæterås

Ørsta

On-site

NOK 520,000 - 700,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Raus kultur
Fleksibel arbeidstid
Tverrfaglig samarbeid
Kompetanseutvikling
Offentleg tenestepensjon
Gode forsikringsordningar
Løn etter avtaleverk

Job summary

Ørsta vidaregåande skule søker faglærar innan helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeidsfag med knytning til vg1 helse- og oppvekstfag og vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag. Det kan også bli aktuelt med undervisning på vaksenopplæringa ved ressurssenteret vårt.

Vi søker deg som har barnehagefagleg utdanning på høgskulenivå, og som har eller vil få pedagogisk utdanning (PPU-Y eller tilsvarande). Du må vere omgjengelig, sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar for å leie eit trygt

Qualifications

  • Barnehagefagleg utdanning på høgskulenivå.
  • Dersom tilsett Valg kan vere krav om å ha eller fullføre pedagogisk utdanning (PPU-Y eller tilsvarande).

Responsibilities

  • Vare tilsette vil verte ein spydspiss innanfor utdanning av barne- og ungdomsarbeidarar.
  • Legge til rette for praksisnær undervisning og tverrfagleg samarbeid.
  • Vere kontaktlærar og kunne ta ansvar for tilrettelegging for elevar med behov for individuelt tilrettelagt opplæring.
  • Samarbeide internt og eksternt mot arbeidsliv og andre samarbeidspartnarar.

Education

Barnehagefagleg utdanning på høgskulenivå
Pedagogisk utdanning (PPU-Y eller tilsvarande)

Job description

Ørsta videregåande skule har no ledig 100% faglærarstilling innen helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeidsfag. Stillinga er knytt til både vg1 helse- og oppvekstfag og vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag. Det kan også bli aktuelt med undervisning på vaksenopplæringa ved ressurssenteret vårt.

Arbeidsoppgåver

Avdelinga er spesielt ute etter kompetanse innan barnehagefeltet, og den som vert tilsett må ha utdanning og relevant nyare praksis og erfaring innanfor dette feltet. Dersom ein i tillegg har kompetanse og/eller erfaring innanfor spesialpedagogikk eller arbeid med fleirspråklege barn eller elevar, er dette også aktuelt. Skulen har eit sterkt og godt fagmiljø innen helse og oppvekst. Å legge til rette for praksisnær undervisning og tverrfagleg samarbeid er viktig for oss som yrkesfagleg skule. Den som blir tilsett vil verte ein "spydspiss" innanfor utdanning av barne- og ungdomsarbeidarar, og vere ein pådrivar i den pedagogiske utviklinga av dette fagområdet. Dette inneber også utstrakt samarbeid med andre, både internt og eksternt mot aktuelt arbeidsliv og andre samarbeidspartar. Kjennskap til praksisfeltet i lokalområdet vil derfor vere ein fordel.

Som del av arbeidet vil du også kunne få oppgåver som å vere kontaktlærar, og det kan også vere aktuelt at ein tek ansvar for ekstra tilrettelegging for elevar med behov for individuelt tilrettelagt opplæring.

Kvalifikasjonar

Vi søker deg som har barnehagefagleg utdanning på høgskulenivå. Variert og nyare erfaring frå fagfeltet blir vektlagt. For den som blir tilsett vil det bli stilt krav om å ha eller fullføre pedagogisk utdanning (PPU-Y eller tilsvarande).

Personlege eigenskapar

Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengelig, sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar. Du må ha gode relasjonsferdigheiter, og høge ambisjonar på vegne av elevane. Du må trivast saman med ungdom og vere ein trygg og tydeleg vaksen som framstår som ein god rollemodell for framtidige fagarbeidarar. Du må vere ein tydeleg leiar i klasserommet som evnar å bygge gode og trygge læringsmiljø, i relasjon lærar - elev og elevane i mellom.

Vi tilbyr

Som kollega ved Ørsta vidaregåande skule vil du verte del av eit arbeidsfellesskap med stor og komplementær kompetanse innan fagleg-pedagogisk arbeid, og som du får dra nytte av i eiga utvikling som lærar.

  • Raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre, og bidreg inn mot fellesskapet.
  • Stilling med stor grad av fleksibilitet og variasjon mellom arbeidsoppgåver knytt til undervisning, arbeid med ungdom og samarbeid med arbeidslivet.
  • Å kunne jobbe i ein tverrfagleg organisjon med eit breitt kompetansefelt.
  • Vere med i eit team i utvikling som skal bidra til kompetanseuvikling for elevar og arbeidsliv.
  • Satsing på arbeidsgjevarpolitikk med tiltak for vekst og utvikling, kurs og opplæring etter behov.
  • Ordna arbeidstid.
  • Offentleg tenestepensjon
  • Gode forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande avtaleverk.
  • I løpet av få år vil vi flytte inn i nye og moderne undervisningslokale i Ørsta kultur- og kompetansesenter.
Kontaktinformasjon

Anne Marit Bae,Avdelingsleiar HO,48126285

Bjørnar Sæterås,Rektor,+47 47344491

Arbeidsstad

Holmegata 14

6153Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5200897098

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.11.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Faglærar helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeid
Faglærar helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeid

Helse og oppvekst [helse_og_oppv], Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta] • Ørsta

On-site
NOK 520,000 - 720,000
Offentleg tenestepensjon
Gode forsikringsordningar
Ordna arbeidstid
Prosjektleiar formidlingsarbeid
Prosjektleiar formidlingsarbeid

Anne Marit Bae • Ørsta

On-site
NOK 700,000 - 800,000
Løn etter avtale
Pensjons- og forsikringsordningar
Utviklingsperiode
Prosjektleiar formidlingsarbeid
Prosjektleiar formidlingsarbeid

Rådgjevar [raadgjevar], Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta] • Ørsta

On-site
NOK 600,000 - 900,000
Tilkallingsvikar lærar - Ørstaskulen skuleåret 2026/2027
Tilkallingsvikar lærar - Ørstaskulen skuleåret 2026/2027

Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune • Ørsta

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Tilkallingsvikar lærar - Ørstaskulen skuleåret 2026/2027
Tilkallingsvikar lærar - Ørstaskulen skuleåret 2026/2027

Pål Einar Brekke • Ørsta

On-site
NOK 450,000 - 550,000
Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 26-27
Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 26-27

Arbeidsplassen • Ørsta

On-site
NOK 207,000 - 289,000
Har du lyst å jobbe innan helse?
Har du lyst å jobbe innan helse?

Lisa Mari Korsfur Silseth • Ørsta

On-site
NOK 360,000 - 480,000
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 26-27
Tilkallingsvikar assistent/fagarbeidar/miljørettleiar - Ørstaskulen skuleåret 26-27

Pål Einar Brekke • Ørsta

On-site
NOK 320,000 - 450,000
Pedagogisk leder
Pedagogisk leder

Ormåsen barnehage, Øvre Eiker kommune • Vestfossen

On-site
NOK 520,000 - 660,000
Pensjonsordning
Veiledning av nyutdannede barnehagelær
Gode pensjons- og forsikringsforhold
Tilkallingsvikarar fellesfag og programfag - skoleåret 2026/2027
Tilkallingsvikarar fellesfag og programfag - skoleåret 2026/2027

Roger Fylling • Holen

On-site
NOK 500,000 - 650,000
Veiledning for nytilsatt pedagogisk personale
God tilgang til faglige nettverk
Offentlig pensjonsordning
+1
Top locations