A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet søker ein erfaren fagdirektør innan utlendingsfeltet. Stillingen inneber leiing av juridisk arbeid knytt til arbeidsmarknaden, utlendingsregelverk og EØS-rådgjeving i eit breitt tverrfagleg miljø.
Du får høve til å påverke politiske avgjerder og bidra til utvikling av regelverk i eit viktig offentleg velferdsfelt, med fokus på rettstryggleik og effektivitet i arbeidsinnvandring.
Vi søker ein dyktig og motivert jurist til juridisk seksjon i Arbeidsmarknadsavdelinga.
Seksjonen har ansvar for eit breitt spekter av regelverk på ulike område av arbeidsmarknaden. Dette omfattar mellom anna reglane om dagpengar ved arbeidsløyse og permittering og regelverket for arbeidsmarknadstiltak. Seksjonen har òg ansvar for EØS-reglane om fri rørsle for personar og føresegnene i utlendingslova om arbeidsinnvandring frå tredjeland.
Andre ansvarsområde er mellom anna lov om allmenngjering av tariffavtalar, lov om statsgaranti for lønskrav ved konkurs med meir og dei alminnelege aldersgrensene i arbeidslivet.
Vi søker ein erfaren og kompetent juridisk fagdirektør innan utlendingsfeltet.
Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar, vere gode lagspelararog utvikle og forbetre.
Arbeids- og inkluderingsdepartementethar ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerhet, inkluderingspolitikken, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.
Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet.
Vi er om lag 230ansatte fordelt på sjuavdelingar og eikommunikasjonseining.
Arbeidsmarknadsavdelinga har ansvar for å fremme eit velfungerande arbeidsmarknad. Avdelinga forvaltar politikken og verkemidla retta mot utsette grupper på arbeidsmarknaden, regelverket for arbeidsinnvandring og inntektspolitikken. Avdelinga har òg ansvar for å koordinere departementet sitt internasjonale arbeid på område som omfattar fleire av departementet sine avdelingar.
Avdelinga har om lag 35 medarbeidarar fordelte på tre seksjonar.