Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Folkestad skule i Bø i Telemark søker fagarbeidar til SFO og skule. Stillinga omfattar å lage årsplan, leie tilsette og delta i møter, med kontakt til føresette. Krav om politiattest og relevant utdanning for arbeid med barn og unge er påkrevd.
Du vil arbeide tett med lærar og føresette, bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø og delta i turar og utflukter. Me tilbyr eit godt arbeidsmiljø, tilsettegarde og relevante kurs.
Folkestad skule ligg i flotte omgjevnader ved Oterholt, det gamle handelssentrumet i Bø.
Folkestad skule er ein skule med lange tradisjonar. Skulen stod ferdig i 1861 og har sidan vore grendeskule samanhengande, sett bort frå skuleåret 1945-46 da skulebygget måtte byggast opp igjen etter krigen. Skulen ligg på Oterholt som var handelsstad og sentrum i Bø.
Skulen har rundt 100 elevar og tilsaman 19 tilsette. Dei tilsetteer stolte av ein skule med stort uteområde og nærleik til flott natur. Engasjerte foreldre og lærarar jobbar for å gjere Folkestad skule til ein trygg og god læringsstad.
Uteområda i nærleiken blir nytta til faste dagar med uteskule og tverrfagleg arbeid. Vi har og ein flott skulehage. Det er gode moglegheitar for ein aktiv og variera SFO kvardag.
Vi har eit allsidig personalet, eit støttande og godt arbeidsmiljø som bidreg til positiv utvikling av skulen. Vi jobbar for å utvikle ein meir inkluderande praksis, fysisk, praktisk og aktiv læring, og gi elevane ei god grunnopplæring i lesing, skriving og rekning.
SFO ansvar
Som fagarbeidar i skule og SFO
Vi setter pris på at du:
Personlege eigenskapar vektleggast
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Venke Raundalen,Rektor Folkestad skule,+47 92251459
Eikavegen 61
3804Bø i Telemark
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5181617033
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 28.10.2026
Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Tilkallingsvikarar i barnehagane i Midt-Telemark kommune