Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Time kommune søker ein trygg og varm vaksen til 80% vikariat ved Frøyland skule og SFO for skoleåret 2026-2027. Stillinga er 40% i skule og 40% i SFO, med plass til forlenging.
Arbeidet krev fagbrev i barne- og ungdomsarbeid og evne til å skape gode relasjonar til ungane; anna relevant kompetanse vert vurdert. Politiattest må levert før oppstart, og lønn etter tariff.
Vil du vera med på å gje ungane på Frøyland skule og SFO ein kjekk og trygg kvardag?
Me har ledig eit 80% vikariat for skuleåret 2026-2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga er 40% i skule og 40% i SFO.
På Frøyland skule og SFO er me 370 elevar og 55 vaksne. Me er ein barneskule med elevar på 1.-7.trinn. Det er 2-4 parallellar på kvart trinn, og SFO er organisert i 2 basar. Me er opptatt av at ungane våre skal ha det kjekt når dei er på skulen og i SFO. Dei skal oppleve meistring både fagleg og sosialt.
Me ser etter ein trygg, varm og leiken vaksen som likar å jobbe med ungar. Evna til å skape gode relasjonar til ungane er ein sentral ferdigheit i stillinga. Kvalifikasjonar me ønskjer er fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant kompetanse vil og bli vudert. Me legg vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatane.
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagbrev og utdanning. Personlege eigenskapar og erfaring i arbeid med barn- og unge vil bli vektlagt.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.