A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Kjørnes barnehage ligg flott til i byggjefeltet på Kjørnes, i utkanten av Sogndal sentrum. Barnehagen har eit stort uteområde med skog, fjordutsyn og variert leike- og turområde, og set fokus på friluftsliv og barns medverknad i mat og måltid.
Barnehagen har seks avdelingar og vil tilsette engasjerte medarbeidarar til vikariatar frå 30.11.2026 til 04.07.2027 og 04.01.2027 til 04.07.2027.
Kjørnes barnehage er ein naturbarnehage som ligg flott til i byggefeltet på Kjørnes, 4 km utenfor Sogndal sentrum, med gode buss- og sykkelforbindelsar.
Me har eit stort uteområde med skog, fjordutsikt og varierte leike- og turområde. Barnehagen har seks avdelinger og legg stor vekt på fysisk aktivitet, friluftsliv heile året og barns medverknad i mat- og måltidsaktivitetar.
Me har eige gymrom, variert utemiljø med klatrevegg, ulendt terreng, og ein stor trelavvo som fungera som uteavdeling for storbarnsavdelingane.
Det er ledig eit 40% vikariat fra 30.11.2026 til 04.07.2027 og eit 100% vikariat fra 04.01.2027 til 04.07.2027, og me vil gjerne ha deg med på laget.
Det kan verte fleire ledige stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagestillingar som kan koma til seinare i vinter, og søkarar kan vere aktuelle for stillingar som ikkje er annonsert gjennomdenneutlysinga.
Me er opptekne av at leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet.
Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.