Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Kjørnes barnehage ligg naturnært til i byggjefeltet på Kjørnes, like ved Sogndal. Barnehagen har eit stort uteområde og fokuserer på friluftsliv og barns medverknad. Me søkjer tilsette til både 40% og 100% vikariat i perioden frå hausten 2026 til sommaren 2027.
Arbeidet omfattar å skape inkluderande leike- og læringsmiljø, delta i planlagde aktivitetar og samarbeide tett med kollegaer og føresette. Politiattest må leggast fram før tilsetjing, og nytilsatte vert i prøvetid.
Kjørnes barnehage er ein naturbarnehage som ligg flott til i byggefeltet på Kjørnes, 4 km utenfor Sogndal sentrum, med gode buss- og sykkelforbindelser.
Me har eit stort uteområde med skog, fjordutsikt og varierte leike- og turområde. Barnehagen har seks avdelingar og legg stor vekt på fysisk aktivitet, friluftsliv heile året og barns medverknad i mat- og måltidsaktivitetar.
Me har eige gymrom, variert utemiljø med klatrevegg, ulendt terreng, og ein stor trelavvo som fungera som uteavdeling for storbarnsavdelingane.
Det er ledig eit 40% vikariat fra 30.11.2026 til 04.07.2027 og eit 100% vikariat fra 04.01.2027 til 04.07.2027, og me vil gjerne ha deg med på laget.
Det kan verte fleire ledige stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagestillingar som kan koma til seinare i vinter, og søkarar kan vere aktuelle for stillingar som ikkje er annonsert gjennom denne utlysinga.
Me er opptekne av at leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet.
Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.